Kurs for partnarar
Norec tilbyr kurs og oppfølging for partnarskap før, under og etter utveksling.
Kurs for partnarar
Norec tilbyr kurs og oppfølging for partnarskap før, under og etter utveksling. Som ein del av søknadsprosessen arrangerer vi introseminar for partnarskap som søker om støtte hos Norec. Etter at organisasjonen din har inngått avtale med oss, vil vi sørge for at nøkkelpersonell vert kursa i løpet av første avtalerunde.
Norec tilbyr også faglege webinar, rettleiingar og landsamlingar for å dele kunnskap og kompetanse som er relevante for å styrke resultat i prosjekta. Desse vert annonsert direkte eller via vårt nyhetsbrev til partnarar.
Introseminar
Når partnerskapet har fått innvilga ei forundersøking av Norec vil vil partnarane ha eit eige møte kor de møtes fysisk.
I tillegg skal de ha eit obligatorisk introseminar for alle organisasjonane i lag med Norec. Dette vert gjennomført digitalt. Ein eller to representantar frå kvar partnarorganisasjon kjem saman fordelt på to digitale møter, komplementert med ei eiga e-læring. Følgande modular inngår:
- Å vere Norec-deltakar
- Roller og ansvarsområde
- Planlegging av eit Norec-prosjekt
- Prinsipp for økonomistyring
- Rekruttering og leiarskap
Etter introseminaret vil du:
- Vere inspirert og motivert til å fortsette planlegginga av ei Norec-utveksling
- Kjenne Norecs modell, prinsipp og verdiar
- Forstå kva som er dei avgjerande faktorane for eit vellukka utvekslingsprosjekt
- Vere i stand til å forme eit prosjekt innanfor Norec sitt rammeverk
Møtekostnadar til kost og reise for partnerbesøk vert dekt av FU-tilskotet.
Partnarkurs
Norecs partnarkurs er obligatorisk for alle nye partnarkoordinatorar i løpet av det første året. Om de skiftar ut nøkkelpersonell undervegs, vil vi også tilby kurs til desse. Partnarkurset vert vanlegvis arrangert på ein av våre kursdestinasjonar over tre dagar (digitalt ved eventuelle reiserestriksjonar). Planlagde kurs finn du under kommande kurs:
I løpet av kurset går vi gjennom følgande modular:
- Norecs modell, prinsipp og verdiar
- Rammeverk og økonomisk rapportering
- Deltakaren: rekruttering, førebuing og oppfølging under og etter utvekslinga
- Leiarskap, mentoring og kunnskapsoverføring
- Global forståing
Etter Norecs partnarkurs vil du:
- Vere inspirert og motivert til å koordinere ei Norec-utveksling
- Forstå og gjere bruk av Norecs modell, prinsipp og verdiar
- Vere i stand til å forme, organisere og rapportere frå eit prosjekt innanfor Norec sitt rammeverk
- Forstå kva som er dei avgjerande faktorane for eit vellukka utvekslingsprosjekt. Du vil kunne inkludere denne forståinga i gjennomføringa av prosjektet ditt
- Kunne analysere korleis ditt eige prosjekt kan forståast i ein global utviklingssamanheng, og korleis det kan bidra til FNs berekraftsmål
Kost og losji vert dekt av Norec, mens reisekostnader inngår i CA-tilskotet.
Digitale kurs
Norecs tilbyr webinar, e-læringar og faglege samlingar per tema eller region/land. Desse er relevante for å skrive eller vidareutvikle prosjekta. Invitasjonar til desse kjem enten i nyhetsbrev til partner, via din programrådgjevar eller annonsert på våre nettsider.
-
Tittel A
Lorem ipsum
-
Tittel B
LOrem Ipsum
Fann du det du leita etter?
Takk for tilbakemeldinga!
Takk for tilbakemeldinga!