Hopp til hovudinnhald
Laboremus

Strategi 2026 Delt kunnskap - berekraftig endring

Delt kunnskap – berekraftig endring

Verda er full av kunnskap og ferdigheiter. Visjonen vår er at vi gjennom gjensidig utveksling skal lære kvarandre å tenke større, leve berekraftig og bygge ansvarlege lokalsamfunn. Norec skal bidra til å realisere dei overordna måla i norsk utviklingspolitikk, FNs berekraftsmål og Agenda 2030. Vi har ei særleg viktig rolle når det gjeld å støtte opp under berekraftsmål 17 om å styrke globale part-narskap for berekraftig utvikling. I dag er verda på veg ut av ein global pandemi. Pandemien har fått langvarige konsekvensar for alle sektorar og ført til store tap av menneskeliv. Denne unntakstilstanden har tydeleg illustrert kor viktig det er med globalt samarbeid.

For kompetansesenteret Norec som organisasjon innebar pandemien at all ordinær aktivitet blei sett på vent. Då verda stengde ned, måtte vi tenke nytt for å kunne utføre samfunnsoppdraget vårt. Desse erfaringane vil vi ta med oss inn i den nye strategiperioden. Norec støttar globale partnarskap der verksemder samarbeider på tvers av landegrenser. Målet med desse partnarskapa er å dele og utvikle kunnskap ved at unge tilsette og frivillige byter arbeidsplass i ein periode. Dermed bidrar dei til endra arbeidsmetodar og tankesett i både organisasjonar og lokalsamfunn. Norec legg stor vekt på kunnskapsoverføring i etterkant av utvekslingsopphaldet.

 

 

Samfunnsoppdraget vårt

Ei viktig oppgåve for kompetansesenteret Norec er å drive med tilskotsforvaltning. Tilskota går til å dekke reisekostnader, opphald og løn til unge menneske som i ein periode bur og arbeider i eit anna land. Denne utvekslinga skjer enten mellom Noreg og land i sør, eller mellom land i sør. Måla for tilskotsordninga er å styrke globale partnarskap og gi unge menneske internasjonal arbeidserfaring, slik at dei kan skape berekraftig utvikling.

Norec har òg ansvaret for å rekruttere nordmenn til FN og utviklingsbankane. Det er eit mål å auke norsk deltaking i viktige og relevante internasjonale forum. Kompetansesenteret Norec forvaltar kunnskap om internasjonal arbeidsutveksling og samarbeid. Målet er å gi råd og rettleiing til verksemder og bedrifter som vil starte opp eller har starta opp eit internasjonalt samarbeid. Norec arrangerer også utreise- og heimkomstseminar. Kursa våre er interaktive. Dei gir kunnskap om og inspirasjon til eit berekraftig liv og berekraftig utvikling for alle.

Norec samlar og systematiserer kunnskap om kompetanseutvikling og kunnskapsoverføring i internasjonale samarbeid. Erfaringsbasert læring og forskingsrapportar gjer vi tilgjengelege i eit språk og ei form som partnarar i nord og sør kan få nytte og glede av.

Nytenking og læring

Ofte er det i møte med det nye og ukjende at idear oppstår og blir utvikla. Mykje læring skjer heilt av seg sjølv i møte mellom menneske som jobbar saman. Men skal vi få til god læring i ein organisasjon, må vi planlegge og legge til rette for læring. Derfor skal vi både i eigen etat og i partnarskap jobbe for systematisk og målretta læring.

Dette gjeld ikkje berre Norec, men òg tilskotsmottakarane våre. Ei heilskapleg tilnærming til læring krev dessutan at medarbeidarar vidareutviklar ferdigheiter og kompetanse. Ved å stimulere til og legge til rette for kunnskapsutvikling står vi betre rusta til å møte nye utfordringar. Vi veit at det finst mange løysingar for vellykka arbeidsutveksling. Vi skal møte dei med openheit. Norec vil gi handlingsrom og oppmode til nytenking i møte med tilskotsmottakarar.

1. Meir formidling frå kompetansesenteret Norec

I kommande strategiperiode skal vi i større grad innhente og systematisere kunnskap om og forsking på kompetanseoverføring og organisasjonsutvikling. Innsamla data skal vi undersøke, analysere og arbeide vidare med, slik at kunnskapen raskast mogleg kjem til nytte.

Kunnskapen vår er verdifull for at fleire skal jobbe for ei berekraftig utvikling. Derfor må og skal vi vende oss til eit stort og mangfaldig publikum når vi held kurs. Fleire kursmodular skal også gjerast tilgjengelege virtuelt.

For å styrke Norec si rolle som kompetansesenter ønsker vi å samarbeide med fleire kunnskapsbedrifter. Mellom anna vil vi knyte fleire band til universitets- og høgskolesektoren. Samtidig vil Norec behalde ei aktiv rolle i relevante internasjonale nettverk. Det er viktig for oss at vi både lærer av og bidrar til læring i ulike samarbeidsrelasjonar.

Jan Olav Baarøy i debatt med næringslivsleiarar på Arendalsveka

2. Fleire fortset karrieren i FN-systemet

Det er eit sentralt mål for norsk utanrikspolitikk å støtte opp om forpliktande internasjonale samarbeid i regi av FN og utviklingsbankane, slik at vi betre kan handtere felles utfordringar og ivareta norske og globale interesser. Dette skriv regjeringa i Meld. St. nr. 27 (2018–2019) Norges rolle og internasjonale interesser i multilateralt samarbeid.

Noreg er ein stor økonomisk bidragsytar til FN. Når norske kvinner og menn arbeider i FN og Verdsbanken, bygger dei kompetanse på felt som er viktige for Noreg sin globale innsats. Dialog mellom norske myndigheiter og tilsette i FN-systemet gir Noreg kunnskap til å utvikle relevant politikk. Det gjer Noreg i stand til å vere ein pådrivar for å styrke og reformere arbeidet for å nå berekraftsmåla. Vi i Norec skal sørge for at fleire norske kvinner og menn arbeider i FN og utviklingsbankane, og – ikkje minst – at fleire av desse held fram i systemet.

3. Fleire verksemder bidrar til berekraftig utvikling

Gjennom tilskotsordninga styrker Norec gjensidige partnarskap, slik at dei kan arbeide for å nå berekraftsmåla. Eit gjensidig partnarskap vil seie at verksemder både tar imot og sender unge menneske på jobbutveksling. Gjensidigheit handlar òg om å utvikle eit djupare forhold bygd på respekt, tillit og samhandling. Verksemdene anerkjenner då at dei er gjensidig avhengige av kvarandre for å oppnå berekraftig utvikling.

Når tilsette blir utveksla over tid, vil det føre til utvikling og læring i organisasjonane. Vi vil jobbe aktivt for å kople saman organisasjonar som kan passe til eit samarbeid. Ved å bruke meir ressursar på å hjelpe organisasjonar med å finne kvarandre kan vi etablere enda fleire globale gjensidige partnarskap. Vidare vil vi støtte organisasjonar som rekrutterer opplæringstilsette på tvers av lande-grenser. På denne måten ønsker vi å senke terskelen for å inngå eit samarbeid med Norec.

DD FInance are working with microinsurance in Kibera, Kenya

4. Nytt nettverk av tidlegare deltakarar

Effekten av utvekslinga er størst etter utanlandsopphaldet. Det er då kunnskap for alvor blir tatt i bruk. Nye metodar og system kjem på plass. Innovasjon blir til, og det oppstår organisatorisk læring. Derfor vil vi i strategiperioden etablere eit program for aktivitetsbasert støtte. Målet er å bidra til berekraftig utvikling ved at unge bruker kunnskapen frå utvekslingsopphaldet i lokalsamfunna sine.

Vi er også i gang med å etablere eit nettverk av tidlegare deltakarar. Nettverket vil vere ein ressursbank for Norec, den norske utanrikstenesta og andre som ønsker støtte frå kompetente fagfolk, mentorar og sosiale entreprenørar.

5. Norec er ein attraktiv arbeidsplass som yter gode tenester

Gode arbeidsmetodar gjer at vi kan utføre arbeidet vårt effektivt og med presisjon. Vi arbeider kontinuerleg med forenkling, effektivisering og digitalisering av saksbehandlinga. Klarspråk er eit ideal vi strekker oss etter. Det skal vere enkelt å forstå søknadsprosessen i Norec, og dei som søker om tilskot, skal få den rettleiinga dei har behov for. Norec stimulerer til samarbeid på tvers av organisasjonen for å utnytte kompetansen dei forskjellige seksjonane og medarbeidarane har. Slik skal vi halde fram med å utvikle oss for å utføre samfunnsoppdraget vårt på best mogleg måte.

Norec skal ha ei stabil og mangfaldig personalgruppe og eit godt arbeidsmiljø. Trivsel, tillit, inkludering og fagleg utvikling er viktige stikkord for medarbeidarar i Norec. Alle skal oppleve å bli respekterte og inkluderte. Klimautsleppa er den største utfordringa i vår tid. Derfor skal Norec sjå på korleis vi kan redusere klimaavtrykket vårt der det er mogleg, utan at det går utover samfunnsoppdraget vårt. Ved å bruke verdipara våre – å utfordre og vise respekt, å vere engasjerte og profesjonelle – skal vi i Norec bidra til delt kunnskap og berekraftig endring.

Norec employees