Norec-nettverket
Nettverk av tidlegare Norec-deltakarar
Norec-nettverket er ein stad å dele erfaringar og utvikle nye idear, eit nettverk for framtida. Meir enn 12 000 personar har delteke i utvekslingsprogram gjennom Norec sidan 1963. Tenk kor mykje de alle kan lære frå kvarandre!
Om nettverket
Sidan 1963 har Norec gjort det mogleg for 12 000 personar å delta i utvekslingsprogram over heile verda. Gjennom desse utvekslingane har dei delt kunnskap og gjort verda til ein betre stad.
Ideen til Norec-nettverket kom då vi spurte oss sjølve: Korleis kan vi få endå større utbytte av kunnskapen til tidlegare deltakarar?
Det enkle svaret er – la oss skape eit nettverk der dei kan møtast, halde kontakten og halde fram med å dele kunnskap på tvers av landegrenser.
Nettverket vart lansert i Nairobi, Kenya, i mai 2023. Innan februar 2025 hadde 2200 tidlegare deltakarar blitt med, og talet på medlemmer aukar dagleg.
Ved å bli med i nettverket får du tilgang til:
- Webinar
- Nettkurs
- LinkedIn-gruppe
- Månadlege nyheitsbrev
- Samlingar, både fysisk og digitalt
Kontaktinformasjon
Har du spørsmål? Eller har du framleis ikkje fått invitasjon til å bli med i nettverket? Kanskje har du ein skikkeleg god idé til korleis vi kan utvikle nettverket?

Kommande arrangement
Her finn du alle kommande webinar og fysiske og digitale samlingar for Norec-nettverket. Merk at kommande arrangement for Norec-nettverket ikkje vil vere synlege før våren 2025.
Folk i Norec-nettverket
Norec-nettverket har medlemmar frå heile verda, med ulike bakgrunnar og erfaringar. Gjennom «Folk i Norec-nettverket» ønskjer vi å dele nokre av historiene deira.
Dette er ei moglegheit for deg til å bli betre kjend med medlemmane våre. Kvar bur dei i dag? Kva jobbar dei med? Kva kunnskap har dei som kan vere nyttig for deg?
EtterUtveksling
På utveksling kjem ofte deltakarane på innovative idear. Norec ønskjer å legge til rette for at nokre av desse ideane kan bli gjennomført. Difor har Norec, som eit prøveprosjekt, starta ei støtteordning for vidare samarbeid etter utveksling.
Støtteordninga «EtterUtveksling» ble gjennomført som eit pilotprosjektet i 2024, der tidlegare utvekslingsdeltakarar som avslutta utvekslinga si i 2023 eller 2024 kunne søke på ordninga. Vi planleggar å vidareføre ordninga i 2025, med søknadsfrist på hausten i år igjen. Meir informasjon blir publisert både her og i vårt nyheitsbrev i løpet av våren 2025.

Nettkurs
Her finn du ei rekkje nettkurs som er spesielt utvikla for Norec-nettverket
Skal du ut og reise igjen?
Om du skal reise sjølv, eller sende tilsette på utvekslingsprogram til andre land, er det viktig å friske opp relevante ferdigheiter og kunnskap. Tipsa våre bidreg til å halde deg trygg og få mest mogleg ut av opphaldet.
Network News
Fann du det du leita etter?
Takk for tilbakemeldinga!
Takk for tilbakemeldinga!