Junior Professional Officer
Har du lyst på ei spennande stilling i FN-systemet eller andre internasjonale organisasjonar? Då kan juniorekspertordninga vere noko for deg.
Kva gjer ein juniorekspert?
Norge finansierer ca 40 JPO-stillingar årleg.
Arbeidsoppgåver:
- bistå dei internasjonale organisasjonane med å bygge opp erfaring innan utviklingssamarbeid
- bidra med internasjonal kompetanse i norske miljø
- vere ein ressurs for framtidig rekruttering av nordmenn til FN
Som juniorekspert arbeider du to år på samme kontor i ein FN-organisasjon, og eit tredje år på ein annan lokasjon. På denne måten vil du både få erfaring frå eit feltkontor og frå eit hovudkvarter i FN, anten det er Geneve, New York, Nairobi eller Addis Abeba. Du vil få ei unik internasjonal arbeidserfaring og få viktig kjennskap til korleis FN-systemet fungerer.
Du inngår som eit vanleg stabsmedlem på eit FN-kontor. Du får også ein mentor som skal gje deg oppfølging både i faglege og administrative spørsmål.
Kvalifikasjonskrav
- Norsk statsborgarskap
- Utdanning på høgare nivå (vanlegvis masterutdanning/tilsvarande) og to års relevant arbeidserfaring
- God skriftleg framtstillingsevne
- Svært gode engelskkunnskapar
- Arbeidskjennskap til eit anna FN-språk blir vektlagt (spansk, fransk, russisk, kinesisk, arabisk)
- Sterke menneskelege og interkulturelle ferdigheiter
- Internasjonal erfaring og tilpasningsdyktighet
Tilsettingsvilkår
- Det er organisasjonen du vert tilsett i som har arbeidsgjevaransvar, og vilkår for tilsetting vert bestemt av organisasjonen.
- Løn på P2-nivå, pluss ulike tillegg som vert justert mot kostnadsnivå på tenestestad. Som tilsett i FN er du friteken for skatt, både i Norge og i landet du gjer teneste i.
- Reise og flytteutgifter vert dekka for deg og medfølgande ektefelle, registrert sambuar/partnar og barn. Minst to års registrert sambuarskap må kunne dokumenterast.
- 30 dagars ferie pr år.
- Du må sjølv finne og betale for bustad
- Du blir tilknytta FNs ordningar for sjuketrygd og ulykkesforsikring.
Fann du det du leita etter?
Takk for tilbakemeldinga!
Takk for tilbakemeldinga!