Kurs for deltakarar
Norec tilbyr kurs og oppfølging for deltakarar før, under og etter utveksling. Kursa førebur deltakarane på å jobbe og bu i ein annan kultur. Vidare skal dei bidra til at kunnskapen deltakar tileignar seg ute vert tatt med heim igjen.
Førebuingskurs
Førebuingskurs er obligatorisk for alle deltakarar i Norecs program.
Førebuingskurset består av to delar. Først eit e-læringskurs som du må ta før utreise. Dette kurset går mellom anna gjennom rettar og plikter ved å vere Norec-deltakar, i tillegg til andre viktige moment som vil bu deg på utvekslinga.
Vi meiner at det har ein verdi å møtes. Like før oppstart hos host partner vil du møte andre deltakarar på ei vekes førebuingskurs. Du lærer saman med andre i samme ærend og du får utvida nettverket ditt. Kursa våre skjer på eit av Norecs kursdestinasjonar som er Nairobi, Johannesburg, Kathmandu eller Bogotá
Av og til er det utfordrande å få til fysiske kurs (for eksempel ved sjukdom eller visa-utfordringar). Vi tilbyr då førebuingskurset digitalt, men dette må avklarast med din programrådgivar Påmelding til kursa går via partnerorganisasjon. Planlagte kurs finn du under komande kurs.
På kurset går vi gjennom følgande modular:
- Å vere Norec-deltakar – rettar, plikter, rolleforståing.
- Etiske retningslinjer og dilemma
- Interkulturell kommunikasjon og samarbeid
- Tverrkulturell tilpassing
- Helse, tryggleik og velferd
- Global forståing
Ved fysiske kurs ordnar partnar reise til og frå kursdestinasjon. Kost og losji vert dekka av Norec. Det er partnars ansvar å sørge for at deltakar har stabil tilgang til internett og eigna lokale og utstyr under digital gjennomføring.
Heimkomstkurs
Heimkomstkurs er obligatorisk for alle deltakarar. Normalt inviterer vi alle deltakarar som kjem tilbake frå utveksling, til eit kurs ved ein av Norecs kursdestinasjonar som er Nairobi, Johannesburg, Kathmandu eller Bogotá. Av og til kan det vere utfordrande å møtes fysisk. Etter avtale med programrådgjevar kan vi tilrettelegge for eit digitalt alternativ, kor vi kombinerer e-læring og to dagar med digitale møte/kurs via Zoom.
På kurset går vi gjennom følgande modular:
- Å identifisere erfaringar, kunnskap og ny læring
- Korleis dele vår nye kompetanse – og korleis ta den i bruk heime
- Heimkomst og re-integrering: utfordringar og moglegheiter
- Global forståing
- Faglege workshops
Kost og losji vert dekt av Norec, medan reisekostnader inngår i prosjekt-tilskotet dekt av partnar. Vert kurset gjennomført digitalt, vil det vere partnarorganisasjonen sitt ansvar å sørge for stabil tilgang til internett under gjennomføringa.
Fann du det du leita etter?
Takk for tilbakemeldinga!
Takk for tilbakemeldinga!