Hopp til hovudinnhald
Training Johannesburg

Seminar og rettleiing

Ønskjer du auka kunnskap om utveksling og internasjonalt samarbeid? Norec tilbyr både seminar og rettleiing for å dele kunnskapen vi har tileigna oss over mange år.

Rettleiing

Rettleiinga rettar seg først og fremst mot deg som arbeider med å adressere FNs berekraftsmål. Norec har 55 kompetente tilsette med høg kompetanse og eit stort nettverk av samarbeidspartnarar og tidlegare deltakarar som per 2025 består av meir enn 2300 personar frå om lag 88 land – der alle har arbeidd med ulike bærekraftsutfordringar i ulike sektorar på tvers av land og kultur.

Vi nyttar både eigen kompetanse og den vi har i nettverket vårt for å skreddarsy eit opplegg som er relevant for utfordringane organisasjonen din møter. Vi har meir enn 60 års erfaring med å halde utreisekurs, heimkomstkurs og kan levere ei rekkje andre tilpassa tematiske opplegg for aktørar som arbeider med interkulturelle utfordringar og partnarskap på tvers av grenser.

Vi veit at alle prosjekt har sine utfordringar. Ta gjerne kontakt om du vil vite meir om kva vi kan levere.

Øystein Garfors
Seksjonsleiar kunnskap og læring

Kurs og seminar

Vi arrangerer også opne kurs og seminar som kan vere relevante for deg som jobbar med utveksling og internasjonale samarbeid. Oversikt over kommande arrangement finn du her. 

Eksempel på kurs og workshops vi kan levere er:

  • Utreisekurs Norecs utreisekurs er designet for å forberede deltakerne på internasjonale reiser og samarbeid. Kurset dekker en rekke emner som er viktige for å lykkes med jobbreiser til det globale sør som interkulturelle utfordringer og muligheter, sikkerhet og beredskap, etiske dilemma i globale partnerskap, praktiske tips og resursar.
  • Heimkomstseminar. Mange tilsette har erfart at det er større utfordringar knytt til å komme heim enn til å dra ut. Her dekkar vi tema som å handtere omvendt kultursjokk, kartlegge erverva erfaring og kunnskap og korleis ta dette i bruk inn i ny organisasjon. Kurset er relevant for tilsette som har jobba ute lengre enn 6 månader som er på veg tilbake.
  • Korleis lykkes i globale partnerskap. Basert på mange års erfaring og forsking har vi ein del råd til suksessfaktorar som gjer at nokon lukkast med samarbeid på tvers av grenser og kultur. Ideelt for deg som skal starte opp eit nytt prosjekt, primært saman med dei partnarane du skal jobbe i lag med.
  • Sikkerhet og beredskap. Norske virksomheter er pålagt å ha gode rutiner for sikkerhet og beredskap – også når de sender medarbeidere på jobb ut av landet. Innenfor bistandsarbeidet kan det imidlertid være ekstra krevende å være godt forberedt på krisesituasjoner og følge med på risikobildet. Målet med dette kurset er å gjøre arbeidsgiver bevisst på risko samt gi innspill til hvordan man kan få på plass tilfredsstillende kompetanse, rutiner og systemer for sikkerhet og beredskap i bistandsarbeidet.  

Kursa våre vert gjennomført anten fysisk eller digitalt. Vi har som mål å tilpasse leveransen til oppdragsgjevar. Kursa er gratis og vi stiller så sant vi har ledig kapasitet. Oppdragsgjevar må sjølv betale eventuell reise til og frå kursstaden.