EtterUtveksling – støtteordning for vidare samarbeid etter utveksling
1. Om tilskotet
Norec prøver ut ei ny tilskotsordning for småskala initiativ frå tidlegare utvekslingsdeltakarar som fullførte utvekslinga si i 2023 eller 2024. Gjennom denne ordninga kan du bruke erfaringane og kunnskapen du fekk under utvekslinga til å nå ut til fleire og bidra til positiv endring i lokalsamfunnet ditt.
Tilskotet blir tildelt basert på søknad. Søknadene blir vurderte etter kriteria i denne utlysinga, og sett opp mot andre innsende søknadar. Det er ikkje sikkert du får tilskot, sjølv om du oppfyller alle kriteria i utlysinga.
Den totale ramma for tilskotet i prøveordninga er 20 000 USD.
2. Kven kan søkje?
- Du må vere medlem av Norec-nettverket.
- Du må ha fullført utvekslinga di i 2023 eller 2024.
- Du må vise god kjennskap til temaet initiativet eller prosjektet ditt skal ha fokus på.
- Du må samarbeide med ein Norec-partnarorganisasjon. Organisasjonen vil ta imot og formidle vidare tilskotet til deg, dersom du blir vald ut. Du vil vere ansvarleg for gjennomføring og rapportering.
3. Kva kan få støtte?
Initiativet ditt skal skape positiv påverknad i lokalsamfunnet.
Initiativet du søkjer om støtte til må
- bli gjennomført i Noreg eller i eitt eller fleire av landa på Norec si partnarliste
- rette seg direkte mot eitt av FNs berekraftsmål.
- byggje på innsikt og kunnskap du fekk under utvekslinga di.
- ta tak i eit konkret behov i lokalsamfunnet, ha realistiske mål og vere kostnadseffektivt.
Det minste beløpet du kan søkje om er 1 000 USD, og det høgaste er 5 000 USD.
4. Korleis vurderer Norec søknadene?
Norec vil velje ut dei beste søknadene basert på desse punkta:
- Kor godt initiativet svarer på målet med denne utlysinga.
- Vi ønskjer ei brei portefølje i støtteordninga – slik at vi får eit mangfald av aktivitetar, tema og målgrupper i så mange land som mogleg.
- Behovet for prosjektet i lokalsamfunnet.
- Verdi for pengane i forhold til venta resultat.
- Risikoar knytt til tiltaket.
- Relevans for norske utviklingsprioriteringar.
- Moglegheita for kunnskapsdeling innan Norec-nettverket.
5. Kva er krava til rapportering?
Medlemmer i Norec-nettverket som mottar tilskot frå denne ordninga, vil vere ansvarlege for å forvalte midlane og sørgje for at dei planlagde aktivitetane blir gjennomførte som planlagt.
Du må sende ein skriftleg rapport og ein rekneskapsrapport til Norec innan seks månader etter at du har mottatt tilskotet. Rapporten skal leverast gjennom eit skjema på internett.
6. Korleis søkjer du?
Fristen for å sende inn søknad til denne utlysinga er 13. oktober 2024 ved midnatt CET. Søknader blir berre godtekne dersom dei blir sendt inn via skjema på internett. Alle søkjarar som er kvalifiserte for tilskotet vil få ein e-post med lenkje til skjemaet.
7. Har du fleire spørsmål?
Send ein e-post til network@norec.no dersom du har fleire spørsmål. Du kan også sjå gjennom lista under for svar på dei vanlegaste spørsmåla.
8. Vanlege spørsmål
1. Kva slags aktivitetar kan eg inkludere?
Aktivitetane du kan inkludere, kjem an på prosjektet ditt. Det kan til dømes vere samlingar for å dele kunnskap med ei bestemt gruppe i lokalsamfunnet ditt, oppsøkande verksemd, forsking eller utdanningstiltak osb.
Vi har ikkje ei fastsett liste over aktivitetar for denne utlysinga. Det viktigaste er at aktivitetane er nødvendige for å nå dei resultata du har sett for deg for prosjektet ditt, og at dei kan gjennomførast med dei ressursane du har tilgjengeleg.
2. Kva kan budsjettet dekkje?
Kva kostnader budsjettet ditt kan dekkje, vil avhenge av kva slags prosjekt du planlegg. Du kan trenge utstyr og materiell for å gjennomføre aktivitetane dine. Du kan også ha kostnader knytt til møte i lokalsamfunnet, opplæring og kampanjar. Inkluder dei kostnadene du meiner er nødvendige for å gjennomføre prosjektet ditt.
Norec kan ikkje støtte administrative kostnader til drift av ein organisasjon eller betale lønn til tilsette. Den einaste administrative støtta vi gir, er ei godtgjering på 5 % til partnarorganisasjonen som hjelper deg med å ta imot og formidle midlane vidare. Dette skal dekkje bankgebyr, rekneskapskostnader og andre administrative utgifter knytt til dette.
3. Kor lenge kan prosjektet mitt vare?
Du må rapportere om aktivitetane og bruken av tilskotet innan seks månader etter at du har mottatt midlane.
Du må starte planlegginga og gjennomføre aktivitetane innanfor denne tidsramma. Nokre prosjekt kan likevel fortsetje utover seks månader, og planane du har sett i gang, kan vare i mange år.
4. Når kan eg vente å få svar frå Norec?
Vi har som mål å kunngjere kven som får tilskot innan fire veker etter søknadsfristen.
Fann du det du leita etter?
Takk for tilbakemeldinga!
Takk for tilbakemeldinga!