Tenk deg at skulegangen din sluttar den dagen du får mensen. Slik er livet for mange jenter, verda over. Dermed aukar kunnskapsgapet mellom kjønna. Den internasjonale speidarrørsla for jenter jobbar hardt for å motverke dette.

– Ubalanse mellom kjønn finst overalt i verda, av mange forskjellige grunnar. Mensen er ein av dei, seier Robina Asiimwe Sentumbwe, som er leiar for WAGGGS i Uganda.

I mange kulturar droppar jenter ut av skulen når dei får menstruasjon. Både fordi dei ikkje har tilgang på bind og tampongar, men også fordi det nokre stadar er skam knytt til det å ha mensen.

– Mensen skapar spesielt problem for jenter i fattige kår fordi dei ikkje har tilgang på bind og tampongar. Det ønskjer vi å gjere noko med, seier Sentumbwe.

Kvifor ikkje dra vekslar på kvarandre?

Den internasjonale speidarrørsla for jenter, WAGGGS (World Association of Girl guides and Girl Scouts), samlar jenter over heile verda. Dei er verdas største frivillige organisasjon for jenter, og representerer ti millionar jenter fordelt på 52 land.

Eitt av hovudmåla deira er å gjere unge kvinner til leiarar gjennom å gi dei kunnskap.

– Kvar for oss i WAGGGS gir vi jenter ei plattform for å lære, leie og snakke om utfordringar dei opplever. Men litt etter litt kom tanken om at jentene burde kunne dra vekslar på og lære av erfaringane til andre speidarjenter i andre land, seier Sentumbwe.

 

Gjennom utvekslingsprogrammet gir vi eit lite bidrag til kampen for likestilling ved å styrke jentene.

Robina Asiimwe Sentumbwe Leiar, WAGGGS Uganda

Fører til positive endringar

Det vart starten på ei utveksling mellom dei ulike avdelingane til WAGGGS i 15 land. Sidan 2015 har WAGGS hatt eit utvekslingsprogram kalla «YESS Girl’s movement» gjennom Norec.

Meir enn 200 (211) unge kvinnelege speidarar fått internasjonal erfaring gjennom Norec-støtta utvekslingsprosjekt i Burundi, Bangladesh, Ghana, Kenya, Madagascar, Malawi, Nepal, Nigeria, Rwanda, Senegal, Tanzania, Uganda, Zambia, Zimbabwe og Sør-Afrika.

Gjennom innovative og uformelle utdanningsprogram får jentene tryggleik og kompetanse til å gjere positive endringar både i eige liv og i landet dei bur i.

Ei av kjerneproblemstillingane i «YESS Girls’ movement» går konkret på utfordringar knytt til menstruasjon. Under namnet «red pride» vert jentene lært opp til å vere stolte over at dei er med på å føre menneskeslekta vidare.

 

Er eit lite bidrag i kampen for likestilling

Dei får også inngåande kunnskap om hygiene knytt til mensen, kunnskap om korleis dei kan løyse problema og dermed kunne halde fram på skulen. Rett og slett meir kontroll over eige liv.

– Gjennom utvekslingsprogrammet gir vi eit lite bidrag til kampen for likestilling ved å styrke jentene, fortel Sentumbwe.

Mellom anna lærer speidarjentene å lage bind som kan brukast om att, slik at dei kan halde fram med å gå på skulen, sjølv om dei har fått mensen.

 

– Eg ønskjer å kjempe mot stigma knytt til mensen. Ikkje alle unge jenter har tilgang på bind. Difor vil eg lære dei å lage bind som kan brukast opp att, slik at det ikkje er mangelen på bind som stoppar dei i livet. Mitt mål er at jenter skal ha moglegheita til å vere med i avgjerder om deira eiget liv, seier Theopista Nabatanzi, som tidlegare har vore på utveksling.

I tillegg til å gi jentene moglegheita til å halde fram på skulen, lærer jentene at dei skal vere sjølvsikre, uansett kor dei går.

– Frå WAGGGS har eg lært at eg er unik, eg er blitt meir sjølvsikker og omgjengeleg. Dei har gitt meg håp om at ein dag kan eg bli ein leiar, seier Priscilla Makayi Kituyi.

Lærer jenter at mensen ikkje er ei hindring

Leiartrening har opna dører for unge kvinner

Sjølvtillit, kunnskap og leiartrening har synt seg som ei suksessoppskrift for utviklingsprogrammet «YESS Girl’s Movement». 16 tidlegare deltakarar har vore eller er i dag i nasjonale styre i sine respektive land. 

– Jentene som er med i programmet har ei utruleg utvikling, og vi ser at dei tek på seg leiarroller på eit imponerande høgt nivå, seier WAGGGS-leiar i Uganda, Robina Asiimwe Sentumbwe.

Sidan 2015 har den internasjonale speidarrørsla for jenter, WAGGS, hatt eit utvekslingsprogram kalla «YESS Girl’s movement», finansiert av Norec. Over 200 unge kvinnelege speidarar i alderen 18–25 år har fått moglegheit til verdfull internasjonal erfaring ved å jobbe seks månadar i eit anna vertsland. 

Eit vesentleg punkt i erfaringa er å gi jentene leiarroller. 

Slik får dei moglegheit til å bli utfordra, og dermed utvikle seg sjølv, både personleg og profesjonelt. Leiarrolla gjer også at deltakarane lettare kan nå ut til endå fleire unge jenter.

– Vi er heilt bevisste på å gi jentene moglegheit til å ta over leiarroller både under og etter utvekslingsprogrammet, seier Sentumbwe. 

Utvekslingsopphaldet har definitivt endra meg til det betre. Tidlegare var eg sjenert og hadde ein del angst knytt til det å møte og snakke med folk. No snakkar eg mykje lettare med folk, både kjende og ukjende

Patience Makayi Tidlegare WAGGGS-deltakar

Bratt karrierestige

At heile 16 av deltakarane har vore eller er i styre på nasjonalt nivå i sine respektive land, er eit resultat leiinga i WAGGGS er stolte av. Desse kvinnene tek avgjerder som er med på å påverke heile nasjonar. Mykje takka vere opplæringa og erfaringa dei fekk gjennom utvekslinga i WAGGGS.

Utvekslingsopphaldet har definitivt endra meg til det betre. Tidlegare var eg sjenert og hadde ein del angst knytt til det å møte og snakke med folk. No snakkar eg mykje lettare med folk, både kjende og ukjende, seier Patience Makayi, som er tidlegare deltakar.

Ho legg til at kunnskapen ho har fått som utvekslingsdeltakar har endra måten ho snakkar til andre på.

– Når eg møter nye menneske, så ønsker eg at dei skal hugse meg for noko som eg har lært dei, seier Makayi.

Samarbeid er nøkkelen

Speidarjentene brukar erfaringane dei har fått gjennom utveksling når dei kjem tilbake til sine eigne organisasjonar, skular og heimemiljø.
Vi oppmodar dei til å bruke av seg sjølv og kunnskapen sin for å bidra i lokalmiljøet på forskjellige måtar. Det er viktig at dei kjenner på at dei kan bruke det dei har lært på utveksling, i praksis, seier Sentumbwe.

I tillegg har programmet gitt organisasjonen WAGGS ny og viktig kunnskap. Dei har lært å samarbeide betre med kvarandre på tvers av landegrenser og forskjellar.

Vi ser at partnarskap og samarbeid er vegen å gå. Verda blir berre mindre og mindre. Vi må samarbeide for å komme dit vi vil, seier Sentumbwe.