Leiartrening har opna dører for unge kvinner
Fleire av dei unge kvinnene i WAGGS-utvekslinga har fått nasjonale styreverv i heimlanda sine. Utvekslinga gjorde dei modigare.
Sjølvtillit, kunnskap og leiartrening har synt seg som ei suksessoppskrift for utviklingsprogrammet «YESS Girl’s Movement». 16 tidlegare deltakarar har vore eller er i dag i nasjonale styre i sine respektive land.
– Jentene som er med i programmet har ei utruleg utvikling, og vi ser at dei tek på seg leiarroller på eit imponerande høgt nivå, seier WAGGGS-leiar i Uganda, Robina Asiimwe Sentumbwe.
Sidan 2015 har den internasjonale speidarrørsla for jenter, WAGGS, hatt eit utvekslingsprogram kalla «YESS Girl’s movement», finansiert av Norec. Over 200 unge kvinnelege speidarar i alderen 18–25 år har fått moglegheit til verdfull internasjonal erfaring ved å jobbe seks månadar i eit anna vertsland.
Eit vesentleg punkt i erfaringa er å gi jentene leiarroller.
Slik får dei moglegheit til å bli utfordra, og dermed utvikle seg sjølv, både personleg og profesjonelt. Leiarrolla gjer også at deltakarane lettare kan nå ut til endå fleire unge jenter.
– Vi er heilt bevisste på å gi jentene moglegheit til å ta over leiarroller både under og etter utvekslingsprogrammet, seier Sentumbwe.
Bratt karrierestige
At heile 16 av deltakarane har vore eller er i styre på nasjonalt nivå i sine respektive land, er eit resultat leiinga i WAGGGS er stolte av. Desse kvinnene tek avgjerder som er med på å påverke heile nasjonar. Mykje takka vere opplæringa og erfaringa dei fekk gjennom utvekslinga i WAGGGS.
– Utvekslingsopphaldet har definitivt endra meg til det betre. Tidlegare var eg sjenert og hadde ein del angst knytt til det å møte og snakke med folk. No snakkar eg mykje lettare med folk, både kjende og ukjende, seier Patience Makayi, som er tidlegare deltakar.
Ho legg til at kunnskapen ho har fått som utvekslingsdeltakar har endra måten ho snakkar til andre på.
– Når eg møter nye menneske, så ønsker eg at dei skal hugse meg for noko som eg har lært dei, seier Makayi.
Samarbeid er nøkkelen
Speidarjentene brukar erfaringane dei har fått gjennom utveksling når dei kjem tilbake til sine eigne organisasjonar, skular og heimemiljø.
Vi oppmodar dei til å bruke av seg sjølv og kunnskapen sin for å bidra i lokalmiljøet på forskjellige måtar. Det er viktig at dei kjenner på at dei kan bruke det dei har lært på utveksling, i praksis, seier Sentumbwe.
I tillegg har programmet gitt organisasjonen WAGGS ny og viktig kunnskap. Dei har lært å samarbeide betre med kvarandre på tvers av landegrenser og forskjellar.
Vi ser at partnarskap og samarbeid er vegen å gå. Verda blir berre mindre og mindre. Vi må samarbeide for å komme dit vi vil, seier Sentumbwe.