For Nomkhosi endra korps heile livet – no vil ho at musikk skal endre livet for andre
Ho hadde låg sjølvtillit og ingen venner på skulen. Men som 11-åring byrja ho i korpset Field Band Foundation. Det skulle endre livet for Nomkhosi Mnisi.
– Hadde du møtt meg for 20 år sidan, hadde eg neppe stilt opp på dette intervjuet, seier 33-åringen på videolink frå Johannesburg i Sør-Afrika.
Den kvikke kvinna på skjermen strålar ut alt anna enn ein utfordrande barndom. No jobbar ho på hovudkontoret til Field Band Foundation (FBF) i Johannesburg og arbeider for at born skal få dei same moglegheitene som henne. For ho hugsar godt kva det starta med.
– Eg var litt småtjukk, mange snakka meg ned på grunn av det. På skulen var eg alltid åleine. Men så vart eg med i Field Band Foundation. Det gjorde heile forskjellen, seier Mnisi.
Brått fekk den stille jenta venner gjennom musikken, sjølvtillit og kunnskap om korleis ein taklar livet.
Har samarbeidd i 20 år
Field Band Foundation er ei korpsrørsle i Sør-Afrika som engasjerer born og unge innan musikk. Alt for 20 år sidan starta dei utveksling med Norsk Musikkorpsforbund i Norge. Då med ei hovudmålsetjing om å utveksle musikk-kompetanse og musikkglede gjennom prosjektet Bands Crossing Boarders.
I 2013 vart prosjektet vidareutvikla til PULSE, der organisasjonane jobbar med korleis musikkaktivitetar kan vere både helsefremjande og førebyggjande.
Kvart år er mellom fire og seks personar frå kvart land på utveksling.
Mnisi har vore på to utvekslingar til Norge, første gongen til Hamar og andre gongen til Oslo.
– Når vi er på utveksling, er det ikkje berre musikk vi utvekslar, men livet sjølv. Då eg først kom til Norge, såg eg foreldre samhandle med borna sine, vere interesserte og deltakande. Det var eit kultursjokk, seier Mnisi.
Her i Sør-Afrika set vi oss ikkje ned med foreldra våre og snakkar om kva som helst, slik de gjer i Norge. Dette vil eg gi vidare til familien min, viss eg får ein. Det handlar ikkje om musikken, men om livet, seier Mnisi.
Prøver å involvere foreldra meir
Ho fortel at ho gjennom opphalda i Norge også vart overraska over å sjå kor involverte norske foreldre var i korpsundervisninga.
– I Norge er foreldre med på alt. Dei stiller på øvingar, er med i komitear, på dugnadar, ja nær sagt alt. I Sør-Afrika slit vi med å få engasjert foreldre i det borna gjer. Så det å sjå korleis norske korps får foreldra med, har vi i Field Band Foundation lært mykje av og gjort noko med, fortel Mnisi.
Samtidig bringa sør-deltakarane med seg meir liv til korpsøvingane i Norge. For ei tradisjonell korpsøving i Norge er mykje struktur, øving, terping og ikkje minst notar.
– I Sør-Afrika lærer vi borna først å spele på gehør, og det mest spesielle er kanskje at dei spelar og dansar på same tid. Då vi lærde det vekk i Norge, tykte dei nok at det var litt vanskeleg i starten, men etter eit par dagar gjekk det fint, seier Mnisi.
Hadde ikkje vore mogleg utan Norec
Mnisi er viss på at livet hennar hadde teke ein annan retning dersom ho ikkje hadde vorte introdusert for Field Band Foundation alt som ung. Og ikkje minst fått sjansen til å vere på utveksling i Norge og i Norges Musikkorps Forbund gjennom utvekslinga til Norec.
– Norec investerer i organisasjonar ved å hjelpe til med utveksling. Og hadde vi ikkje hatt utveksling, så hadde ikkje vi som organisasjon lært det vi har gjort, eller utvikla oss slik som vi har gjort. Utvekslinga har gitt oss kunnskap, inspirert og hjelpt oss til å sjå moglegheiter. Utan Norec hadde det aldri skjedd, seier Mnisi.
For henne har Field Band Foundation også vorte ein yrkesveg der ho får brukt alt ho har lært.
– Eg har blitt i Field Band Foundation fordi eg ser at det vi gjer for borna, verkar. Målet vårt er ikkje å behalde barna i FBF, men å gje dei moglegheiter til å fly. Det er meiningsfullt, seier Mnisi.
Mykje kan bli oppnådd over tid
Dagleg leiar i Field Band Foundation, Nicolette du Plessis, er tydeleg på at samarbeidet Field Band Foundation har hatt med Norges Musikkorps Forbund over 20 år har tilført mykje. Takka vere støtteordningane til Norec.
– Når du har moglegheit til eit langt forhold mellom organisasjonar, kan fleire mål bli oppnådd. Det gjer at organisasjonane kan lære om kvarandre og lære kvarandre å kjenne over tid. Det gjer at ein ikkje berre lærer frå den andre parten, men ein reflekterer over kva ein gjer sjølv, seier Plessis.
Gjennom Norec si utveksling, skjer endringane på grasrotnivå, noko som, ifølgje Plessis, er essensielt for å skape permanent endring.
– Denne måten å samarbeide på gjer at alt gjennomsyrar organisasjonen. Det er fotfolk som er utplasserte i eit anna land og ein annan organisasjon. Når dei kjem tilbake til oppgåvene sine i Field Band Foundation, ber dei med seg erfaringa si i alt dei gjer. Slik får du eit engasjement som er langt betre enn om påverknaden kjem frå toppen og ned, seier Plessis.
Field Band Foundation skapte endringar på grasrotnivå og lærte å engasjere foreldre i korpsrørsla
Norges Musikkorps Forbund lærte at musikk handlar om livsmeistring, og endra verdisettet sitt
To tiår med utveksling med Field Band Foundation har opna auga for at musikk kan brukast til å oppnå andre målsetjingar enn dei reint musikkfaglege.
– Eg vil seie at vi i NMF (Norges Musikkorps Forbund) har fått påverka verdisettet vårt.
Det seier nasjonal rådgivar i NMF, Silvelin Havnevik.
I 20 år har Norges Musikkorps Forbund hatt samarbeid med Field Band Foundation i Sør-Afrika, finansiert av Norec.
Field Band Foundation er ein ideell/frivillig organisasjon som driv musikkundervisning i vanskelegstilte område i Sør-Afrika. FBF tilbyr også generell opplæring i sosial utvikling og livsmeistring. Verdiar som engasjement og forplikting, ærlegdom, empati, mangfald og likeverd står også svært høgt.
Frå berre musikk til livskvalitet gjennom musikk
Kvart år har eit knippe unge musikklærarar frå kvart land vore på utveksling i det andre landet. Det har bore frukter på så mange vis.
– Då vi starta utvekslinga var det reint musikkfagleg. NMF var med for å utveksle og dele kompetanse som vi kunne veldig mykje om. Vi driv jo med musikkopplæring og utvikling av instrumental kompetanse, seier Havnevik.
Etter at utvekslinga hadde vart i vel ti år, såg ein behov for å gjere endringar i kva ein oppnådde med utvekslinga.
Såg fleire verdiar i musikken
I 2013 starta ein prosjektet PULSE, eit musikk- og helseprogram der målet er å syne korleis musikk bidreg til auka livskvalitet og betre helse.
– Vi såg behovet for å sjå på kva verdiar og kompetanse ein får av å drive med musikk, utanom det reint musikalske, fortel Havnevik.
Både NMF og Field Band Foundation har auka livskvalitet som område dei er opptekne av. Gjennom PULSE-prosjektet har dei jobba for å få auka kompetanse innan både musikk og helse.
– Samarbeidet mellom Norge og Sør-Afrika har betydd mykje for begge organisasjonane, deltakarane som har jobba i prosjektet og andre involverte, seier Havnevik.
Gjer born rusta til å ta gode avgjerder
Ho peikar på at dette har vore med på å forme prosjektet og dei stega dei har teke vidare.
– Vi hadde ulike måtar å undervise på, nå resultat på og opptre framfor elevane på. Der musikken var kjerneaktiviteten i NMF, var det i Field Band Foundation meir eit verktøy for å oppnå andre mål, seier Havnevik.
Field Band Foundation jobbar for å gi born og unge kunnskap i livsmeistring for å gjere dei rusta til å ta gode avgjerder i livet.
– Det har endra måten vi i NMF tenkjer om musikkopplæring på. Spesielt kva rolle dei vaksne har når det kjem til å og utvikle haldningane til born og unge. Dei unge vaksne som har vore på utveksling tek med seg det verdisynet ut i både korps og kultur-Norge, seier Havnevik.
Ho peikar på at effekten har nådd langt ut over NMF sine grenser.
– Målet til både NMF og Field Band Foundation er å få barn og unge til å stå i musikkaktiviteten så lenge som mogleg. Men ein må ha eit todelt fokus. Å jobbe med tryggleik og trivsel er ein viktig del av meistringsopplevinga, og begge deler må vere på plass. Eg vil seie at vi har påverka korleis folk, som jobbar for og med korps, tenkjer meir heilskapleg rundt opplæringa dei tilbyr, seier Havnevik.
Mellom anna har NMF utvikla undervisningsmateriell og kurs for dirigentar. Der ein fokuserer på at ein faktisk er ein rollemodell, og korleis ein opptrer overfor born og unge.
– Eg trur det handlar om kva vi meiner er viktig når vi jobbar med born og unge. Før var fokusest til dirigenten tilbaud musikkopplæring. Men når ein ser si eiga rolle i eit anna lys, blir ein meir bevisst på kva påverknad ein har som leiar, både for det musikalske og det sosiale i fellesskapet, seier Havnevik.
Samarbeidet mellom dei to organisasjonane har også ført til andre konkrete læringsopplegg gjennom eit digitalt aktivitetsbibliotek.
– Dette er eit ressursområde med filmar som syner øvingar, og det er offentleg ope og tilgjengeleg for alle. Og dette utviklar vi vidare kontinuerleg. Vi lærer av kvarandre og finn ut korleis vi kan lage ei læringsplattform som vi begge kan bruke, seier Havnevik.
Treng tid for å utvikle seg
For å nå langsiktige mål, er det viktig at partnarskapet går over lang tid. Det er det 20 år lange samarbeidet mellom NMF og Field Band Foundation eit godt døme på.
– Vi veit at ting tek tid. Hadde vi ikkje hatt Norec i ryggen, så hadde vi aldri kunne utvikle oss som organisasjonar slik som vi har gjort. Norec stiller høge krav til søknadsprosessen, og vi blir heile tida utfordra på å ta ansvar for, og utvikle prosjektet vårt, seier Havnevik.
Ho peikar på at det må tid til for at partnarar skal kunne samarbeide og utvikle seg i lag.
– Ein treng lang tid før ein vert sjølvsikker nok som partnar til å utvikle ting. Vi er takksame for at Norec har gitt oss sjansen, seier Havnevik.