Tvinnereim opna ny avdeling i Norec
20. januar 2025Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim opna måndag avdeling for evaluering av norsk utviklingssamarbeid i Norec. Avdelinga, som har rekruttert høgt kvalifiserte fagfolk med lang internasjonal erfaring, skal sikre endå betre forvaltning av norske bistandsmidlar.
— Det er fantastisk at Norec har klart å skape eit internasjonalt miljø for evaluering i Førde, og det viser at ein kan ha tunge kompetansemiljø i heile landet. At 120 personar søkte på stillingane i evalueringseininga seier sitt om kor attraktive desse stillingane er, seier Tvinnereim.
Ho legg til at desse arbeidsplassane vil styrkje arbeidsmarknaden og lokalmiljøet i Sunnfjord.
— Vi treng kloke hovud som både er gode på evaluering og som har relevant erfaring frå arbeidet som skjer der ute. Det har Norec klart. Eg gratulerer dei, og gler meg til å sjå resultatet av arbeidet deira, seier Tvinnereim.
Ei sterk satsing på evaluering og ansvarleggjering
Avdeling for evaluering av norsk utviklingssamarbeid har som hovudoppgåve å gjennomføre uavhengige evalueringar av Noregs utviklingssamarbeid.
Avdelinga skal sikre at bistandsmidlane, som utgjer meir enn 50 milliardar kroner årleg, vert brukt på ein kunnskapsbasert og effektiv måte. Arbeidet er ein del av regjeringa si satsing på å styrke ansvarleggjering og kunnskapsutvikling i norsk bistand.
Eit sterkt og mangfaldig team
Seks høgt kvalifiserte personar er på plass i avdelinga – alle med brei erfaring frå evaluering, forsking og internasjonalt utviklingsarbeid.
Direktør for avdelinga, Henrik Nordal, seier det har vore viktig å få på plass tilsette som både har tung evalueringsfagleg bakgrunn, men også brei tematisk og geografisk erfaring.
— Fagfeltet vårt spenner breitt – over 100 land. Skal vi gjere jobben godt, treng vi brei kompetanse. Å få inn fleirkulturell bakgrunn og internasjonal erfaring er veldig viktig for jobben vi skal gjere, seier Nordal.
Alle i staben var på plass til 1. januar 2025, og har såleis hatt eit par veker saman for å bli kjende og planleggje vegen framover.
— Det er ein utruleg spennande og mangfaldig gjeng, noko som er viktig for arbeidet vårt. Dei er også med på å styrke Norec som arbeidsplass og Førde som stad, seier Nordal.
Både nasjonale og globale ambisjonar
Seniorrådgjevar Kai Brand-Jacobsen flytta frå Cluj-Napoca i Romania til Førde med familien for å jobbe i avdeling for evaluering av norsk utviklingssamarbeid. Brand-Jacobsen har brei erfaring frå utviklingsarbeid, fredsbygging og evaluering på tvers av fagfelt frå prosjekt i Europa, Midt-Austen, Asia og Afrika. Han ser fram til å bidra i den viktige oppgåva evalueringsavdelinga har.
— Evaluering handlar om å forstå kva som fungerer, kva som ikkje fungerer, korleis og kvifor. Noregs internasjonale utviklingssamarbeid handlar om å jobbe for å løyse dei mest utfordrande problema vi står ovanfor i verda i dag, seier Brand-Jacobsen.
Han legg til at evalueringsavdelinga skal identifisere lærdommar, samle kunnskap og sjå kva som kan gjerast for å betre påverknaden Noreg og partnarane har på desse spørsmåla.
— Blir det gjort på rette måten kan det endre liva til folk og sørgje for at arbeidet som blir gjort endrar verda til det betre. Å kunne jobbe med denne type problemstillingar samtidig som vi bur i vakre Førde, med alt byen byr på av fritidsmoglegheiter og tilbod for familien, er ei utruleg moglegheit og eit privilegium, seier Brand-Jacobsen.