Henrik Nordal frå Førde får jobben med å passe på at 52 milliardar norske bistandskroner blir brukt på best mogleg måte.

– Det er ekstremt spanande å vere med på å bygge opp evalueringsavdelinga for norsk bistand i Førde. Eg ynskjer at avdelinga skal bidra til at norske bistandspengar blir brukt for å fremje ei meir stabil og berekraftig verd, seier Nordal.

I mars blei det klart at regjeringa flyttar evalueringsverksemda av norsk bistand frå Norad i Oslo til Norec i Førde.

Åtte søkte stillinga som direktør for avdelinga i Førde. Etter ein grundig prosess saman med rekrutteringsbyrået MercuriUrval var det Nordal som trakk det lengste strået. 45-åringen er opphavleg frå Molde, men er busett i Førde saman med kone og born.

– Målet vårt er å gjennomføre førsteklasses evalueringar som er relevante og gir innsikt for læring hos politikarane som bestemmer og hos dei som gjennomfører norsk humanitær- og utviklingsarbeid, seier Nordal.

Både forvaltnings- og utanrikserfaring

– Nordal har evner og erfaring som samsvarer med det vi såg etter: analytiske evner, internasjonal erfaring og ein tydeleg og trygg leiarstil. Han kan etablere og utvikle evalueringsavdelinga. At han i tillegg kjenner norsk forvaltning og politikk godt, er eit pluss, seier Jan Olav Baarøy, direktør i Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec).

Dei siste fem åra har 45-åringen hatt ansvar for regulering av den norske pengespelmarknaden i Lotteri- og stiftelsestilsynet. Den norske pengespelmarknaden omset årleg for 53 milliardar kroner.

I 2023 blei Lotteritilsynet kåra til verdas fremste reguleringsmyndigheit innan pengespelverksemd.

Nordal har brei arbeidserfaring frå etterretning- og utanrikstenesta, mellom anna frå Sudan, Balkan, Midtausten og Afghanistan.  Han har også bakgrunn frå etterretningstenesta i samband med Noregs militære engasjement i NATO og FN-regi.

120 vil bli evalueringsrådgivarar

Norec lyste i starten av juni ut etter rådgivarar/seniorrådgivarar for evaluering av norsk bistand. Heile 120 personar frå inn og utland har søkt seg til Førde for å jobbe med evaluering.

Direktør i Norec Jan Olav Baarøy, er svært nøgd med søkarlista.

– Det er mange høgt kvalifiserte menneske som søkt. Dei har eit mangfald av bakgrunnar og erfaringar som er relevante for oppgåvene, seier Baarøy.

Oppgåva med å evaluere effekten av Noregs innsats innan utvikling- og bistand ligg i dag til ei eiga avdeling for evaluering i Norad. Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim annonserte 2. mars at evalueringsavdelinga med sine ni årsverk blir flytta frå Norad i Oslo til Norec i Førde.

Totalt skal minst 15 stillingar flyttast frå Oslo til Norec i Førde. Dei resterande oppgåvene som skal flyttast er enno ikkje avklara.

Om Norec:

  • Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er ein etat under Utanriksdepartementet med tre hovudoppgåver:
    • Forvalte utvekslingsprosjekt mellom Norge og land i Afrika, Asia og Latin Amerika
    • Jobbe for å få fleire nordmenn inn i FN og andre internasjonale organisasjonar
    • Vere eit kompetansesenter for internasjonal utveksling
  • Tidlegare kjent som Fredskorpset, som vart etablert i 1963.
  • I 2017 beslutta regjeringa Solberg å flytte Fredskorpset ut av Oslo til den vesle vestlandsbyen Førde i tidlegare Sogn og Fjordane.
  • Samstundes vart Fredskorpset døypt om til Norec og ny instruks som kompetansesenter.
  • Har kontor i Førde, og er om lag 45 tilsette