– Arendalsuka er ein ypparleg måte å få eit innblikk i kva som rører seg i organisasjonar og bedrifter både lokalt og internasjonalt, seier Norec-direktør Jan Olav Baarøy.

Arendalsuka er ein demokratisk møteplass for alle som er engasjert i samfunnet vårt. Her vert dagens og morgondagens samfunnsutfordringar debatterte. Rundt 1000 arrangement og 200 stands fyller sentrum i Arendal fem dagar i august kvart år. 

– For Norec er det å vere til stades på Arendalsuka ein fin arena til å møte organisasjonar og verksemder som har jobba opp mot Norec dei siste åra. Det er ein uformell arena der vi kan diskutere og lære av gode resultat, men også snakke om utfordringar, seier Baarøy. 

I tillegg gir Arendalsuka gode moglegheiter til å nå ut til nye marknadar med kva Norec kan tilby potensielle partnarar. 

– Gjennom arrangementa våre kan vi vise andre verksemder eller organisasjonar, som allereie har eit internasjonalt samarbeid, korleis dei kan legge til rette for å gi unge menneske internasjonal arbeidserfaring og gjennom dette bidra til å nå berekraftsmåla, seier Baarøy. 

Når over mykje på kort tid 

Han peikar på at det å vere synleg er viktig for Norec under Arendalsuka. 

– Vi ønskjer å få fortalt kva det er vi jobbar med, og gjerne få knytt nye kontaktar for at andre også skal bruke utveksling som metode. Eg håpar det også blir rom til å reflektere litt rundt korleis andre jobbar for å løyse berekraftsutfordringane, seier Baarøy. 

Personleg har han stor sans for konseptet Arendalsuka. 

– For meg er Arendalsuka som ein festival! Å ha mange små seansar med diskusjonar, gjer at ein kan nå over utruleg mykje på kort tid. Det er ein glimrande måte å få oversikt over kva som rører seg på mange felt, seier Baarøy.  

Direktør i Norec Jan Olav Baarøy på Arendalsuka 2021

Her møter du Norec under Arendalsuka 2022: 

Måndag 15. august kl. 20.30–21.30: «Skal Universitetssykehusene i Norge få mandat til å drive utdanningsprosjekter globalt?» 

Debatten blir arrangert i Frivillighetsteltet. 

Medverkande: 

  • Jan Olav Baarøy, direktør Norec 
  • Kristin Schjølberg, avdelingsleiar Oslo universitetssykehus 
  • Erik Lahnstein, manager for business Cisco 
  • Håkon Bolkan, overlege St Olavs sykehus 
  • Ole Henrik Krat Bjørkholt, statssekretær Helse- og omsorgsdepartementet 
  • Siri Lill Mannes, moderator Speak Lab 

Tysdag 16. august kl. 11.00-12.00: «Er Noreg fortsatt først og best i FN? Vegen vidare etter sikkerheitsrådet?» . 

Paneldebatt på Bærekraftshuset, Torvgata 7. 

Medverkande:  

  • Arvinn Gadgil, leiar UNDP Governance Center 
  • Margunn Indrebø Alshaikh, programdirektør Norec 
  • Åsmund Aukrust, nestleiar i forsvars- og utanrikskomiteen 
  • Leni Stenseth, Deputy Commissioner-General UNRWA 
  • Janne Haaland Matlary, professor dr.philos 
  • Gunvor Andresen, leiar FN-sambandet Sørvest 
  • Nina Bull-Jørgensen, moderator 

 Onsdag 17. august kl. 16.00-17.00: «Kan bistand utløyse norske investeringar i Afrika?»  

Panelsamtale på Bærekraftshuset, Torvgata 7. 

Medverkande:  

  • Bjørg Sandkjær, statssekretær Utanriksdepartementet 
  • Marius Koestler, gründer og styreleiar Laboremus  
  • Nermina Ljevakovic, investeringsdirektør TechBridge 
  • Lanre Akinola, editor NABA 
  • Jan Olav Baarøy, direktør Norec 
  • Tone-Merete Lillesvangstu, moderator Norec