Nye Norec-avtalar andre halvår 2022
10. februar 2023Mange ønsker å nytte seg av moglegheitene som finst i ei Norec-utveksling. Her får du oversikt over avtalar som nye partnarskap har inngått med Norec.
– Aktiviteten har teke seg jamt og trutt opp ettersom verda har opna opp att etter pandemien, seier avdelingsdirektør i Norec, Margunn Indrebø Alshaikh.
I løpet av dei første månadane i 2023 startar vel 20 splitter nye prosjekt opp aktiviteten sin, og i overkant av 200 unge menneske dreg på utveksling. Dette er prosjekt som fekk innvilga søknaden sin heilt på tampen av 2022.
– Til tilskotsrunden i desember hadde vi 90 millionar kroner tilgjengeleg, men vi fekk inn søknadar for 144 millionar kroner. Vi måtte avslå prosjektsøknadar som var både gode og innanfor dei krava som vi stiller, men som ikkje nådde opp i konkurranse med andre prosjekt som hadde søkt, seier Alshaikh.
Samarbeidsavtalar
Lista under gir oversikt over nye avtalar inngått i løpet av andre halvår 2022, og med oppstart første halvår 2023.
Partnarar: Fundacion Asistencia Tecnica para el Desarrollo – Centro de Derechos Humanos, Ciudadanos y Autonomicos
Avtaleperiode: 2023 – 2027
Partnarar: Global Link Afrika – iServe Afrika
Avtaleperiode: 2023 – 2025
Partnarar: The Leprosy Mission Nepal – The Leprosy Mission International Bangladesh – The Leprosy Mission International Myanmar
Avtaleperiode: 2023 – 2028
Partnarar: Chance for Change – Advance Africa
Avtaleperiode: 2023 – 2025
Partnarar: Tinkr As – Federation of Uganda Employers
Avtaleperiode: 2023 – 2025
Partnarar: Høgskolen i Molde – Høgskulen på Vestlandet, Patandi Teachers’ College of special needs education – The Open University of Tanzania
Avtaleperiode: 2023 – 2025
Partnarar: Zabai AS – Zabai Bangladesh Ltd.
Avtaleperiode: 2023 – 2026
Partnarar: Participatory Ecological Land Use Management (PELUM) Kenya – Farmers Association of Community Self Help Investment Groups Trust (FACHIG)
Avtaleperiode: 2023 –2025
Partnarar: Malthe Winje – Agatobwe Hydropower Ltd – GVL Energy Platform Ltd
Avtaleperiode: 2023 – 2025
Partnarar: Small Producers Development and Transporters (SPRODETA) – Shalom Development Organization
Avtaleperiode: 2023 – 2025
Partnarar: Youth Code – Flora vidaregåande skule – Uganda Youth Skill Training Organisation
Avtaleperiode: 2023 – 2026
Partnarar: University of Pretoria – Rural Enterprise Trust of Zimbabwe
Avtaleperiode: 2023 – 2024
Partnarar: Pax Press – TRACE Kenya
Avtaleperiode: 2023 – 2025
Partnarar: Peace Rehabilitation Center – Milaan be the Change
Avtaleperiode: 2023 – 2024
Partnarar: Society for Underprivileged Families – Empowering Women of Nepal
Avtaleperiode: 2023 – 2024
Partnarar: Norwegian Research Centre (NORCE) – Universidade Federal de Santa Catarina
Avtaleperiode: 2023 – 2026
Partnarar: Techbridge Invest Kenya Limited – Techbridge Invest AS – Sunami Solar Uganda Limited – Sunami Solar Kenya Limited
Avtaleperiode: 2023 – 2023
Partnarar: Youth Empowerment and Transformation Trust – Zambia National Education Coalition – Equal Education
Avtaleperiode: 2023 – 2026
Partnarar: Zimbabwe Parents of Handicapped Children’s Association – Kenya Association of the Intellectually Handicapped – Zanzibar Association of People with Developmental Disabilities
Avtaleperiode: 2023 – 2024
Partnarar: Samata Foundation – Nagorik Uddyog
Avtaleperiode: 2023 – 2024