Første halvår har vore prega av stor aktivitet i Norec! I denne saka får du ei oversikt over avtalar som nye partnarskap har inngått med Norec i løpet av første halvår 2022.

– Vi er svært glade for å sjå at så mange heilt nye partnarskap har nytte av Norec, seier seksjonsleiar for NGO, Sille Lukowski.

Norec har hatt eit travelt første halvår 2022. I kontrast til pandemiperioden der få nye avtalar vart signerte, har aktiviteten teke seg sterkt opp.

– Vi var spente på kor mykje toårsperioden utan fysisk utveksling ville slå ut. Men vi har lagt ned eit godt stykke arbeid i pandemi-tida, og det ser vi fruktene av no, seier Lukowski.

Mange partnarskap valde å halde fram digitalt under koronapandemien, då det vart uråd å ha fysisk utveksling. Dei fleste av desse har søkt og fått innvilga nye avtalar, slik at dei no kan ha faktisk utveksling av tilsette i partnarskapa.

– Vi har ein stor portefølje med partnarar som vi kjenner godt, og som har hatt lange avtalar med Norec. Samtidig er det viktig at vi heile tida jobbar for å nå ut til fleire som kan ha nytte av modellen vi har for kompetanseutvikling, seier Lukowski.

Samarbeidsavtale:

Lista under gir oversikt over alle heilt nye avtalar inngått i første halvdel av 2022. Det vil seie nye partnarskap som ikkje tidlegare har hatt samarbeid med Norec, eller partnarskap som inngår vesentleg lengre avtale enn før.

Partnarar: Helse Bergen HF – Kamuzu Central Hospital
Avtaleperiode: 2022–2025

Partnarar: Helse Bergen HF – Dr. George Mukhari Academic Hospital / Sefako Magkatho Health Sciences University
Avtaleperiode: 2022–2025

Partnarar: Helse Bergen HF – Mnazi Mmoja Hospital
Avtaleperiode: 2022–2025

Partnarar: Høgskolen i Molde 2022 – Patandi Teachers» College of special needs education (PTC)
Avtaleperiode: 2022–2023 (1 ½ år)

Partnarar: KFUK-KFUM Global –Stiftelsen Amathea – YMCA Kenya – YMCA of Ethiopia – Youth Peace Makers – Tanzania
Avtaleperiode:
2022–2026

Partnarar: WAGGGS (første femårige avtale)
Avtaleperiode: 2022–2026

Partnarar: Association of Workers for Alternative Rural Development (AWARD)–Community Development Programme Sindhuli (CDPS) Nepal
Avtaleperiode: 2022–2024

Partnarar: DataDrivenFinance AS – DataDrivenFinance Kenya Ltd.
Avtaleperiode:
2022–2024

Partnarar: Participatory Ecological Land Use Management (PELUM)–Farmers Association of Community Self Help Investment Groups (FACHIG) Trust
Avtaleperiode: 2022

Partnarar: Raleigh International Tanzania – Raleigh International Nepal – Raleigh International Nicaragua
Avtaleperiode:
2022–2025

Partnarar: Youth Alive! Kenya – Centre for Youth Empowerment and Civic Education–Youth Empowermend and Transformation Trust
Avtaleperiode:
2022–2025

Partnarar: Destined Youth Initiative Kenya (DEYI-K) – Inkululeko
Avtaleperiode:
2022–2023

Partnarar: NORCE Norwegian Research CentreUniversidade Federal de Santa Catarina (UFSC)
Avtaleperiode:
2022–2024

Forundersøking

Desse partnarane har, eller er i ferd med å gjennomføre forundersøking:

Partnarar: Society for Underprivileged Families – Emowering Women of Nepal

Partnarar: University of Pretoria – Rural Enterprise Trust of Zimbabwe

Partnarar: Youth Sport Exchange Program (NIF) – EduSport – Malawi National Council of Sports (MNCS) – National Organisation for Women in Sport Physical Activity and Research (NOWSPAR)

Partnarar: Jaintia Shinnomul Songstha (JASHIS) – Shramik Bharti

Partnarar: SALT Lofoten AS – The international Union for Conservation of Nature – Suganthi Devadason Marine Research Institute Organisational – Lanka Environment Fund

Partnarar: Scandinavian Water Technology – Collaboration Engineering Solutions and Products Ltd

Partnarar: Norwegian Association of the Blind and Partially Sighted – African Union of the Blind

Partnarar: Small Producers Development and Transporters Association (SPRODETA) – Shalom Development Organization

Partnarar: Malthe Winje AS – Carera-Ederer & Tiger Ltd – Turani Hydropower Limited

Partnarar: Global Compact Network – Global Compact Network South Africa – Global Compact Network Ghana.

Partnarar: Oslo University Hospital – Addis Ababa University

Partnarar: Peace Rehabilitation Center Milaan be the Change

Partnarar: K-Rep Development Agency – EBO Cooperative Savings & Credit Society Limited

Partnarar: Port Florence Youth Initiative – Centre Marembo Organization