Har du ein god ide som du fekk medan eller etter du var på utveksling gjennom Norec? Vi lanserer ei ny støtteordning der du kan få økonomisk støtte til å gjennomføre akkurat din ide!

— Dette er ein milepæl for oss. Ordninga har fått namnet «EtterUtveksling», og er noko tidlegare Norec-deltakarar har etterspurt lenge. Vi er stolte over å endeleg kunne lansere ordninga, seier Tonje Polden Steinsland, nettverksrådgjevar i Norec.

Over 12 000 personar har vore på utveksling gjennom Norec sidan 1963. Mange av dei har etterlyst ei økonomisk støtteordning til å setje ut i livet idear dei har fått under utvekslinga. EtterUtveksling er ei støtteordning for vidare samarbeid etter utveksling.

— Vi ser at utvekslingsdeltakarane kjem med masse idear, engasjement og ein iver etter å halde fram med å vidareutvikle seg sjølve og lokalsamfunnet sitt. Med aktivitetsbasert støtte kan Norec vere med og realisere nokre av desse ideane, seier Steinsland.

Enkel søknadsprosess

EtterUtveksling er i første omgang eit pilotprosjekt, og berre Norec-deltakarar som avslutta utvekslinga si i 2023 eller 2024 kan søkje i år.

— Vi startar i det små, men vi håpar at dette kan vekse seg større og vere ei moglegheit for Norec-deltakarar som avslutta utvekslinga si også før 2023. Målet er at ein skal få nytte erfaringane frå utveksling til å skape noko nytt og skape utvikling som kjem andre til gode, seier Steinsland.

Pilotprosjektet har eit budsjett på 200 000 norske kroner, og søknadsprosessen er gjort så enkel som råd.

— Du søkjer enkelt gjennom eit skjema på nettet, som det tek 10–15 minuttar å fylle ut. Vi er spente på kva idear vi vil få inn, forklarar programrådgjevar Dilanka Fernando, som skal vere med i utveljingsprosessen.

Tenk kreativt

Ordninga er open for alle slags idear, så lenge dei oppfyller nokre grunnleggjande kriterium.

— Ingen idear er for små. Det kan vere alt frå å starte eit lokalt fotballag til å arrangere ein konferanse. Det viktige er at prosjektet fell innanfor kriteria vi har sett, seier Dilanka Fernando.

For å kunne søkje støtte frå EtterUtveksling må desse kriteria vere oppfylte:

  • Du som søkjer må vere medlem i Norec-nettverket
  • Du må ha fullført utvekslinga di i 2023 eller 2024
  • Ideen/prosjektet må vere knytt opp til utvekslinga di på ein eller annan måte
  • Du må vise at du har god kjennskap til temaet som prosjektet skal handle om
  • Prosjektet må gjennomførast i Noreg eller eitt av partnarlanda våre
  • Prosjektet må vere knytt opp til ein av SDG-måla
  • Prosjektet må vere kostnadseffektivt og dekke eit behov i lokalsamfunnet
  • Du må ha avtale med ein partnarorganisasjon (støtta kan ikkje betalast ut til einskildpersonar)

Alle kriteria og meir informasjon finn du her.

Trur på god mottaking

Søknadsfristen er 13. oktober, og sakshandsaminga skal vere ferdig til 11. november.

— Prosjektet eller aktiviteten må gjennomførast i løpet av dei seks første månadane etter at støtta er innvilga. Du må også skrive ein rapport på kva som har blitt gjort, seier Steinsland.

Ho er spent på kor mange som søkjer, men kjenner seg trygg på at ordninga vil falle i god jord.

— Vi trur tilbodet vil bli godt motteke. Vi har fått mange førespurnadar om ei slik ordning på nettverkssamlingane vi har hatt både i Afrika, Asia, Latin Amerika og Noreg, så vi kjenner oss trygge på at dette er noko deltakarane har venta på, seier Steinsland.