– Kvinner i Afrika har vore leiarar heile tida. No er det på tide å sjå dei
11. mars 2025På Bergen Global samla vi forskarar og samfunnsdebattantar for å diskutere kvifor kvinneleg makt ikkje alltid blir anerkjend – og kva som må til for å endre det.
Debatten var ein del av Bergen Global sitt program og vart fasilitert Norec. Under tittelen “Unlocking Female Leadership in Africa” møttest forskarar og samfunnsengasjerte panelistar for å utforske korleis kvinner utøver makt i afrikanske samfunn – ofte på måtar som ikkje vert anerkjende i vestlege maktstrukturar.
Paneldeltakarane Carmeliza Rosário, Irene Kinunda Afriyie og Ragnhild Louise Muriaas diskuterte korleis kvinner leiar i sine samfunn, men sjeldan blir sett som politiske makt
Leiarskap gjennom historie, krise og kvotar
I fleire afrikanske land har kvinner hatt sterke leiarroller lenge før dei vart formelt anerkjende. I Uganda og Sør-Afrika var dei sentrale i frigjeringskampar og politiske reformer. I Malawi har matriarkalske samfunn lenge hatt kvinner i maktposisjonar. Men europeiske kolonimakter ignorerte desse strukturane og definerte politisk leiarskap som noko berre menn kunne ha.
Trass i dette har kvinner halde fram med å leie. Carmeliza Rosário peika på at kvinner har hatt makt i ulike samfunn, sjølv om det ikkje alltid har vore synleg. Ho viste til at i fleire tradisjonelle samfunn, som blant zuluane, er det ikkje kongen som vert vald, men mora hans – den mektige She-Elephant.
Leiarskap handlar også om å ta ansvar i krisesituasjonar. Irene Kinunda Afriyie, som vaks opp i Kongo, fortalde om korleis kvinner tok styringa då mennene forsvann i krig. For mange kvinner er leiarskap ikkje eit val, men ei nødvendighet.

Fleire afrikanske land har innført kjønnskvotar for å få fleire kvinner inn i politikken. Dette har auka talet på kvinnelege folkevalde, men det betyr ikkje automatisk at kvinner får reell innverknad. Ragnhild Louise Muriaas understreka at kvotar kan sikre tal, men ikkje nødvendigvis makt.
– Kvinner må ofte tilpasse seg ein politisk kultur skapt av menn, og mange føler seg isolerte når dei kjem inn i systemet, sa ho.
Ho peika også på at økonomiske barrierar spelar ei stor rolle:
– Valdeltaking krev ressursar, nettverk og finansiering, noko kvinner ofte har mindre tilgang til enn menn.
I mange afrikanske land må politikarar bruke eigne midlar til valkamp, reiser og mobilisering av veljarar. Dermed blir det vanskelegare for kvinner å ta steget opp til dei øvste politiske nivåa.

Frå lokalt til nasjonalt nivå: Kvar har kvinner mest makt?
Eit sentralt spørsmål i diskusjonen var kva nivå kvinner har størst innverknad på – lokalt eller nasjonalt. På lokalt nivå er kvinner ofte svært aktive, spesielt i samfunn der menn reiser for å jobbe eller der krig og konflikt har skapt eit maktvakuum. Irene Kinunda Afriyie peika på at kvinner i hennar lokalsamfunn tok ansvar for avgjerder og ressursfordeling. Likevel er det ikkje nødvendigvis dei som fekk æra i etterkant.
Men når det gjeld nasjonalt nivå, er situasjonen ein annan. Sjølv om fleire kvinner no vert valde inn i parlament, er det langt færre som når dei verkelege topposisjonane.
– Ein ting er å få fleire kvinner inn i politikken, men kva skjer når dei først er der? Kven får reell makt? Og kven får plass i dei avgjerande diskusjonane? spurde Ragnhild Louise Muriaas.
Carmeliza Rosário meinte at kvinner ofte har størst moglegheit til å skape endring når dei kombinerer tradisjonelle maktroller med moderne politiske verv. Ho viste til Malawi, der kvinnelege høvdingar har vore viktige i kampen mot barneekteskap. Det har vist at samarbeid mellom tradisjonelle leiarar, politikarar og sivilsamfunnet er særleg viktige for å skape varige endringar.

Ei ny forteljing om afrikansk leiarskap
Eit sentralt spørsmål var korleis Afrika blir oppfatta globalt, og korleis dette påverkar synet på kvinnelege leiarar. Carmeliza Rosário peika på at så lenge kontinentet blir sett på som ein stad full av offer og naud, vil ikkje folk forstå at afrikanske kvinner har leidd i generasjonar.
Irene Kinunda Afriyie, som flytta til Noreg, opplevde dette på nært hald:
– Her blir eg ofte sett på som nokon som treng hjelp, ikkje nokon som kan vere ein ressurs.
Leiarskap kjem i mange former
For at fleire kvinner skal få innverknad, må verda anerkjenne at leiarskap kjem i mange former. Muriaas peika på at det ikkje berre handlar om å gi kvinner ein plass ved bordet. Det handlar om å endre strukturane som gjer at dei må kjempe hardare for den same innverknaden som menn.
– Kvinner i Afrika er ikkje på veg inn i leiarskap – dei har vore der heile tida. No er det på tide å sjå dei, sa ho.
Samtalen på Bergen Global synte at kvinner i Afrika allereie leiar på mange nivå. Det er derimot dei globale historiane som må endrast for at verda skal forstå det.
Framtida for kvinneleg leiarskap i Afrika handlar ikkje om å finne plass til kvinner – men om å anerkjenne den plassen dei alltid har hatt.