Historiske avtalar for Norec
6. oktober 2022Norec har inngått avtale med United Nations Volunteers (UNV) om rekruttering av nordmenn til FN. I tillegg har Norec signert avtale med Den afrikanske union (AU) om eit utvekslingsprogram for unge menneske. Det er første gong Norec skriv under avtalar med store, internasjonale organisasjonar.
– Vi har sidan april i fjor hatt i oppdrag å koordinere rekruttering til internasjonale organisasjonar. Det er bakgrunnen for at vi har inngått ein avtale med UNV, fortel seniorrådgivar i Norec, Tormod Nuland.
United Nations Volunteers (UNV) er FNs program for frivillige. Norec har som oppdrag å hjelpe til med rekruttering, mellom anna til UNV.
Norge støttar økonomisk stillingar for nordmenn gjennom UNV-ordninga, slik at unge nordmenn kan få moglegheit til å jobbe på eit FN-kontor.
– Dette er i hovudsak noko vi tilrår folk som er i starten av karrieren. Det er eit stort spenn i kva jobbar det kan vere, alt frå folk som jobbar med fiskeri på Kapp Verde til andre som jobbar med menneskerettar i Vietnam, fortel Nuland.
Kjenner kvarandre godt frå før
Den nye avtalen mellom Norec og UNV gir ei lita endring, nemleg at det er Norec som signerer avtalen for ordninga med UNV.
– Tidlegare har dette vorte gjort av Utanriksdepartementet. Norec og UNV kjenner kvarandre godt frå før, så formalisering av denne avtalen er bra, seier Nuland.
Tidlegare har Norec og UNV jobba saman på møte og kongressar for å auke engasjementet blant unge i utviklingsarbeid.
– Den nye avtalen er ein avtale som går på det nye oppdraget vårt, nemleg å organisere rekruttering av nordmenn til internasjonale organisasjonar, seier Nuland.
Norec er med og vel ut kva stillingar Norge skal gi støtte til. Det er Norec som annonserer stillingane, men FN sjølv som lyser ut stillingane. Intervjuprosess, kursing og rekruttering vert gjort av FN saman med aktuelle organisasjonar.
Styrkar samarbeidet med AU
Norec har som oppdrag legge til rette for at fleire unge skal få moglegheit til internasjonal arbeidserfaring. Dette vert gjort mellom anna ved at Norec støttar utveksling mellom organisasjonar, institusjonar og bedrifter.
Men det vert også jobba med andre internasjonale avtalar som kan bidra til at unge menneske skal få internasjonal arbeidserfaring.
– Vi har difor gått i dialog med Den afrikanske union (AU), og i første omgang har vi inngått ei avtale der vi bidreg med tre millionar kroner inn i deira utvekslingsprogram. Våre midlar vil gi 18 unge personar moglegheit til å reise ut på det afrikanske kontinent, seier seniorrådgivar i Norec, Tor-Øyvind Rand.
Den afrikanske union er ein samarbeidsorganisasjon mellom 55 statar i Afrika. Målet er å fremje demokrati, menneskerettar og utvikling på det afrikanske kontinent.
– I første omgang er dette ei eittårig avtale. Men vi håpar at vi kan halde fram med å styrke samarbeidet med Den afrikanske union. Dei har eit utvekslingsprogram som eg trur vi i Norec kan lære mykje av, seier Rand.