Gav nyttige innspel til Norec-nettverket
14. juni 202330 tidlegare Norec-deltakarar møttest i Nairobi i juni 2023 for å sparke det splitter nye Norec-nettverket i gang.
– Det har vore givande og spanande. Eg er spesielt glad for at vi fekk moglegheita til å knyte kontakt med andre tidlegare utvekslingsdeltakarar, seier Duncan Mutuku (44).
Norec-nettverket skal vere ein stad der ein deler erfaringar og utviklar nye idear. Med andre ord, eit nettverk for framtida. Over 130 tidlegare utvekslingsdeltakarar søkte om å få vere med på Norec-nettverkssamlinga i Nairobi. Av desse blei 30 valde ut til å vere med på den aller første samlinga i Norec-nettverket.
Norec-utvekslinga opna mange dører for meg. Om vi kan gi noko tilbake gjennom dette nettverket, er det ingenting som er betre enn det.
Duncan Mutuku
Delte mange idear
Mutuku var på utveksling i Oslo i 2005 hos Global Entrepreneurs. I dag bur han i Nairobi, der han driv sitt eige selskap og jobbar som profesjonell konferansier.
– Norec-utvekslinga opna mange dører for meg. Om vi kan gi noko tilbake gjennom dette nettverket, er det ingenting som er betre enn det, seier Mutuku.
På samlinga hadde nettverksdeltakarane fleire økter der dei delte idear om korleis dei ønskte at nettverket skulle fungere.
– Dette er heilt nytt, og dei tidlegare utvekslingsdeltakarane er ein viktig del av arbeidet med å finne ut kva vi og dei skal få ut av dette nettverket. Dette er berre byrjinga, seier prosjektleiar Tonje Polden Steinsland.
Vil skape eit berekraftig nettverk
På førehand hadde deltakarane meldt inn kva forventningar dei hadde til samlinga.
– Eg har fått innfridd alle forventningane eg hadde på førehand. Det har vore svært interessant å høyre dei andre deltakarane sine synspunkt på ulike tema. Med dei ideane vi har delt, kan vi få til eit berekraftig nettverk, seier Mutuku.
Beth Kawira (34) var på utveksling i 2020 då ho var hos KFUK-KFUM Global i Oslo. Ho er svært nøgd med kva ho har fått ut av samlinga.
– Eg håpte på å møte og knyte kontaktar med nye menneske, og eg håpa at vi kunne danne ei alumni-gruppe. Eg håpte også at vi skulle dele og utveksle idear om kva folk har gjort etter utvekslinga. Vi har gjort alt dette, og meir til, seier Kawira.
Ho tykte det var spesielt motiverande å høyre korleis livet til dei tidlegare deltakarane hadde endra seg på grunn av utvekslinga.
– Eg håpar vi utnyttar plattformene vi har, som LinkedIn-gruppa og WhatsApp-gruppa vår. Folk må vere aktive. Eg håpar vi held kontakten og at vi deler idear, seier Kawira.
Ei veldig nyttig samling
Consolata Tracey Adhiambo Owegi (28) var på utveksling i 2017 då ho var hos TVIBIT i Tromsø. Ho er strålande nøgd etter ei heil helg saman med andre tidlegare deltakarar.
– Eg kom med eit ope sinn, og eg har lært så mykje, både frå tidlegare deltakarar, men også frå Norec-tilsette. Kurset om LinkedIn passar som hand i hanske til eit prosjekt eg jobbar med akkurat no, seier Tracey.
Ho skildrar nettverket som «å kome heim».
– Det var lett å bryte isen, sjølv om eg knapt kjende nokon då eg først kom. Takka vere nettverket har eg no mange eg kan kontakte, både for hjelp og råd om mange tema, seier Owegi.
For Norec er det ein milepæl å endeleg vere i gang med nettverket.
– Dette er noko vi har tenkt på i mange år. Vi er svært glade for at vi endeleg snart har fått Norec-nettverket opp og gå, seier seksjonsleiar i Norec, Øystein Garfors.