I konkurranse med 120 søkjarar har desse seks fått jobb i avdeling for evaluering i Norec. Avdelinga skal sjå til at over 50 milliardar norske bistandskroner vert brukt på best mogleg vis.

— Vi har fått tak i svært godt kvalifiserte folk, og eg gler meg til å byrje å jobbe med dei, seier Henrik Nordal, avdelingsdirektør for evaluering.

I mars i år bestemte regjeringa at evalueringa av norsk bistand skal flyttast frå Norad i Oslo til Norec i Førde, med verknad frå 1. januar 2025. Totalt skal ni årsverk flyttast.

Nordal, som vart tilsett som avdelingsdirektør i juli, startar i stillinga i byrjinga av oktober.

Då Norec lyste ut stillingane til evalueringsavdelinga i juni, fekk dei heile 120 søknadar frå både inn- og utland. Seks av desse har no fått tilbod om jobb.

— Det har vore eit privilegium å ha så mange dyktige søkjarar. Vi har sikra oss ei god breidde i kompetansen som avdelinga vår treng, seier Nordal.

Skal bidra til utvikling av evalueringsfeltet

Med Nordal, tel avdelinga sju personar, men det vil bli lyst ut to stillingar til i løpet av året.

— Når vi kjem til nyttår skal vi ha på plass eit komplett lag til å utføre jobben vi er sett til, seier Nordal.

Avdelinga for evaluering gjennomfører uavhengige evalueringar av Noregs utviklingssamarbeid. Desse evalueringane skal gjere det norske utviklingssamarbeidet meir kunnskapsbasert, og sikre at aktørane i norsk utviklingspolitikk vert haldne ansvarlege.

— Vi skal gjennomføre fagleg sterke evalueringar som er relevante for både politikarar og dei som forvaltar norske bistandsmidlar. Med jobben vår skal vi bidra til den globale utviklinga av evalueringsfeltet. Vi skal også vere med og forme bistandsarbeidet for framtida, seier Nordal.

Totalt skal minst 15 stillingar flyttast frå Oslo til Norec i Førde. Dei resterande oppgåvene som skal flyttast, er enno ikkje avklara. Avdelinga vert ein del av verksemda til Norec i Førde. Direktøren for evalueringsavdelinga rapporterer direkte til utanriksråden i Utanriksdepartementet.

Dei seks som har takka ja til jobben i avdeling for evaluering er:

Kai Brand-Jacobsen – seniorrådgjevar

Kai Brand-Jacobsen (45) er tilsett som seniorrådgjevar, og har ein master i fred- og konfliktstudiar. Sidan 1999 har han arbeidd i og for ei rekkje ulike internasjonale organisasjonar, mellom dei fleire FN-organisasjonar. Han har lang erfaring med langsiktig utviklingssamarbeid, fredsbygging og humanitær naudhjelp. Brand-Jacobsen har brei erfaring med evaluering på tvers av fagfelt, og har erfaring frå prosjekt i Europa, Midt-Austen, Asia og Afrika. Brand-Jacobsen kjem frå stillinga som seniorleiar og forskar i Peace Action, Training and Research Institute of Romania (PATRIR).

Rola Hbeichi – seniorrådgjevar

Rola Hbeichi (48) er tilsett som seniorrådgjevar. Ho har ein bachelor i internasjonale relasjonar og ein master i business administration. Sidan 2007 har ho arbeidd med monitorering, evaluering og læring innan internasjonal utvikling og humanitære sektor, med Midt-Austen som geografisk hovudområde. Ho har mellom anna jobba for Røde Kors i Canada og Caritas Switzerland, og har samarbeidd tett med fleire internasjonale organisasjonar, inkludert FN og multilaterale organisasjonar. Inntil nyleg jobba ho som evalueringsekspert for eit Global Communities-prosjekt i Syria.

Muhammad Ali Kaifi – rådgjevar

Muhammad Ali Kaifi (31) er tilsett som rådgjevar. Han har ein bachelor i politikk og internasjonale relasjonar, og ein master i energi, miljø og samfunn. Sidan 2017 har Kaifi hatt ulike stillingar innan analyse og forsking, og dei siste åra har han jobba som ESG-rådgjevar både i Pakistan og i Noreg.

Han har hatt oppdrag opp mot den asiatiske utviklingsbanken, og arbeidd med grunnlag for politiske avgjerder. Kaifi har også erfaring frå privat sektor som konsulent. Han kjem frå stillinga som rådgjevar for berekraft og forretningsutvikling ved Svåheia Business Park i Egersund.

Laura Stana – rådgjevar

Laura Stana (40) er tilsett som rådgjevar. Ho har master i politisk sosiologi og har sidan 2010 jobba med evaluering, MEAL (monitoring, evaluation, accountability and learning) og forsking. Stana har erfaring frå krevjande kontekstar, mellom anna frå Ukraina, Polen, Moldova, Sør-Sudan, Afghanistan, Tsjad, Haiti og Libya.

Ho kjem frå stillinga som MEAL-koordinator i HEKS/EPER Ukraina.

Laura Tagle – seniorrådgjevar

Laura Tagle (58) er tilsett som seniorrådgjevar. Ho har ein master i internasjonal økonomi og europeiske studiar, i tillegg til ein master i byplanlegging. Tagle har over 25 års erfaring med evaluering, og har mellom anna arbeidd for multilaterale organisasjonar som Verdsbanken og hatt oppdrag for ei rekkje europeiske oppdragsgivarar.

Ho har også hatt fleire verv innan evalueringsfeltet, mellom anna som styremedlem i European Evaluation Society (EES). Tagle jobba inntil nyleg som evalueringsekspert for den italienske regjeringa.

Anne-Thora Vardøy-Mutale – seniorrådgjevar

Anne-Thora Vardøy-Mutale (38) er tilsett som seniorrådgjevar. Ho har ein bachelor i samanliknande politikk, utviklingsstudiar og ein master i internasjonale relasjonar. Sidan 2008 har ho jobba med evaluering, analyse og programrådgiving, mellom anna i Redd Barna International og UNDP.

Vardøy-Mutale har også akademisk, forskings- og evalueringserfaring innan utdanning, helse og styresett, med geografisk tyngde i det sørlege Afrika. Ho kjem frå stillinga som direktør for partnarskap og innovasjon i Southern African Institute for Collaborative Research and Innovation (SAICRIO).