Ei rekke politiske parti eller ungdomsparti får finansiering frå Norec for å fremje demokrati i andre land.

Budsjetta for desse prosjekta er på 6 421 301 kroner i 2024 og 7 351 689 kroner i 2025

Oversikt over tildelinga

Følgjande mottakarar får støtte for perioden 2024-2025:

  • Arbeidernes Ungdomsfylking (AUF) – eitt prosjekt – 1 400 000 kroner
  • Miljøpartiet De Grønne (MDG) – eitt prosjekt – 1 300 000 kroner
  • Norges Unge Venstre (NUV) – eitt prosjekt – 848 400 kroner
  • Kristelig Folkeparti (KrF) – to prosjekt – 6 334 590 kroner
  • Kristelig Folkepartis Ungdom (KrFU), i samarbeid med fleire norske ungdomsparti – eitt prosjekt – 3 890 000 kroner

Norec mottok totalt åtte søknader under denne utlysinga.

Det totale søknadsbeløpet var om lag 8 400 000 kroner for 2024 og 10 200 000 kroner for 2025.

Ein søknad vart avvist, og ein søkjar valde å ikkje inngå avtale på dei vilkåra som blei tilbydd av Norec.

Ny ordning for Norec

Dette er første gang Norec forvaltar dette tilskotet. Ordninga har tidlegare vore heimehøyrande hos Norad, men Norec tok over i januar 2024.

Ordninga rettar seg mot norske politiske parti og ungdomsparti.

– Erfaringa Norec har med å jobbe med unge menneske og kompetanseheving på tvers av kulturar og landegrenser går rett inn i dette, sa programdirektør Margunn Indrebø Alshaikh i november 2023, då det var kjent at Norec fekk den nye oppgåva.

Om støtteordninga

Potensielle mottakarar av tilskotet er norske politiske parti og deira ungdomsorganisasjonar. Målgruppa er demokratiske parti og partisystem i  ODA-godkjente land.