Desse får hjula til å gå rundt i Norec
17. juni 2022Har du tenkt på kor mykje som må fungere av reint praktiske ting for at ei bedrift eller ein etat skal fungere?
Hos Norec har vi eit knippe medarbeidarar som sørger for at drifta av Norec som arbeidsplass går saumlaust for seg.
Desse tilsette gjer ei rekkje oppgåver som berre dei kan gjere, og som må til for at dei andre seksjonane skal kunne gjere sin jobb. Vi snakkar sjølvsagt om dei tilsette i seksjonen for verksemdstyring.
– Du kan på ein enkel måte seie at vi «servar» resten av huset. Vi sit på mykje kompetanse på ei rekke fagfelt, og kvar tilsett kan sjåast på som nøkkelpersonar for bedrifta, seier seksjonsleiar Anne Lise Bekjorden.
Og du kjenner nok til oppgåvene frå di eiga bedrift. Nokon må passe på at løn vert utbetalt til rett tid, at det økonomiske går føre seg i rette former og at dei tilsette har det bra.
Nokon må passe på at arkivering vert gjort på korrekt vis, at datamaskina di får hjelp dersom ho plutseleg streikar, at vi følgjer lover og reglar og ikkje minst at partnarane våre mottek tilskotspengane sine og nyttar dei korrekt.
Og som om ikkje desse arbeidsoppgåvene var nok, har denne gjengen i tillegg ansvar for FN-stillingane Norec lyser ut, og dessutan monitorering og evaluering av kva effekt utveksling har for våre samarbeidspartnare og deira deltakarar.
Dersom du tar kontakt med Norec, er det stor sjanse for at det er seksjonen for verksemdstyring som tek imot din førespurnad.
Her kan du bli enda betre kjent med dei tilsette frå seksjonen.
Tilsette i seksjonen for verksemdstyring:
Anne Lise Bekjorden
Stilling: Seksjonsleiar verksemdstyring
– Eg er utdanna revisor og lærar, og har vore busett i Førde i over 30 år. Kjerneverdiane til Norec som gjensidigheit og likeverd var viktige grunnar for at eg søkte jobb i Norec. Eg er også glad for at eg har fått moglegheita til å arbeide med noko som verkeleg er inspirerande og meiningsfullt.
Kva går jobben din ut på?
– Jobben min er delt mellom både leiaransvar og alt som går inn under økonomi. På ei avdeling med så mykje forskjellig fagkompetanse kan ein ikkje vere ekspert på alt. Så min hovudkompetanse ligg i rekneskap, lønn og internkontroll. I tillegg sørger eg for at alle våre partnarar får utbetalingane sine i tide, slik at dei har pengar til å kunne realisere sine mål.
Helge Espe
Stilling: Seniorrådgivar
– Eg er utdanna sosiolog og samfunnsplanleggar, og starta yrkeslivet mitt på Oslo Byplankontor. På 80-talet kom eg over bistand og utviklingspolitikk i samband med sveltekatastrofen i Etiopia, og blei verande i Etiopia i 11 år som representant for Redd Barna. Oppstarten av det nye Fredskorpset i år 2001 var ein fagleg fulltreffar for meg, der eg kunne kombinere utviklingsspørsmål, samfunnsanalyse, administrativ erfaring og leiarerfaring.
Kva går jobben din ut på?
– I dag kan min jobb best summerast opp i å posisjonere Norec og norsk utviklingspolitikk i internasjonale og multilaterale nettverk. Eg bidreg med kunnskap, synspunkt og erfaring inn i slike nettverk, i tillegg til at eg prøver å ta noko av alt det som går føre seg «der ute» heim til Norec, ikkje minst på forskingsfronten. Nøkkelordet her er formidling og å styrke Norec som kompetansesenter. Eit viktig fagområde er sør-sør og triangulært samarbeid, der Norec er i fronten internasjonalt, eit anna er internasjonal frivillighet (volunteering). Arbeidsformene varierer frå å delta og bidra i internasjonale konferansar og webinar, til skriving av artiklar og oppfølging av forsking.
Linn Helen Evensen
Stilling: Dokumentkontroller og arkivansvarleg
– Starten på min karriere i Norec begynte med ein gong bedrifta flytta til Førde i august 2018. Eg søkte meg hit fordi eg likar samfunnsoppdraget til Norec, og ønskjer å vere med på å (forhåpentlegvis) kunne gjere ein forskjell. Frå tidlegare har eg erfaring som sakshandsamar i Helse Førde.
Kva går jobben din ut på?
– Som statleg etat er vi underlagt arkivlova – det vil sei at alt vi gjer skal arkiverast. Som arkivansvarleg sørger eg for både drift og vedlikehald av arkivsystemet vårt. Norec ønsker å vere best i klassen innan digital arkivering. Vi var difor først ute med integrasjon mellom teams og arkivet vårt, for å sikre at arbeid frå teams også blir arkivert. I tillegg er eg ansvarleg for Norec sine styrande dokument og malar. Det vil seie at eg sørger for at alle våre rutinar, prosedyrar og policyar er «up to date».
Øivind Arnando Reinertsen
Stilling: Compliance Officer
– Eigentleg kjem eg frå Kristiansand, men har budd i Bergen i 13 år før eg flytta til Førde i 2021. Av utdanning har eg ei bachelorgrad i politisk økonomi og juristutdanning, begge frå Universitetet i Bergen. Tidlegare har eg arbeidd med personvern innan forsking og helse. Med tre små barn er Førde ein god plass å leve. Norec er ein arbeidsgivar som gir ein god balanse mellom spennande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø, og rom til å følge opp familieforpliktelsar.
Kva går jobben din ut på?
– Eg har ansvar for internkontroll. Det vil seie å passe på at Norec følgjer dei krav og føringar vi er pålagde. I tillegg utarbeider og kvalitetssikrar eg rutinar, kontraktar, offentlege innkjøp og gjennomfører risikovurderingar. Det er også eg som handterer mistanke om misleghald.
Kari Lindemann
Stilling: Rådgivar i seksjon for verksemdstyring
– Min master i internasjonal utdanning har komme godt med etter at eg begynte å arbeide i Norec i 2018. Før eg starta i Norec har eg arbeidd i fleire internasjonale organisasjonar i Norge, Uganda og Tanzania.
Kva går jobben din ut på?
– Eg arbeider for at Norec skal ha god informasjon om kva deltakarar som reiser på utveksling har lært og bidrege med hos sin vertsorganisasjon. Internt i Norec omtalar vi dette som evaluering, monitorering og læring. Gjennom å dokumentere arbeidet over tid ser vi at mange organisasjonar utviklar seg og lærer heilt nye ting av å hospitere folk frå andre land og kulturar.
Trine Lise Sagmo
Stilling: Controller
– Opphavleg er eg nordlending, men for 17 år sidan enda eg opp på ein gard i Sunnfjord. Eg har studert geografi og landbruksøkonomi, og avslutta studietida med ein master i samfunnsøkonomi. Arbeidslivet mitt byrja med sju år innan revisjonsarbeid, og deretter åtte år som controller knytt til kollektivtransport i fylkeskommunen. Heilt sidan flyttinga til Førde hadde eg følgt med på om Norec skulle lyse ut noko eg kunne søke på. Hausten 2020 dukka stillinga opp, og no har eg jobba her litt over eitt år.
Kva går jobben din ut på?
Som controller i Norec hjelper eg programrådgjevarane med å forstå og vurdere revisjons- og rekneskapsinformasjon som kjem i samband med søknadsvurderingar. I tillegg hjelper eg med det same når det går føre seg rapportering undervegs i prosjekta vi støttar. Dersom eit prosjekt har ubrukte tilskotsmidlar, er det eg som krev dei tilbake når prosjekta er ferdige. Saman med kollega Øivind utgjer vi Norec sitt varslingsteam. Det vil seie at vi følgjer opp dersom det kjem varsel om mistanke om kritikkverdige forhold. Utanom dette jobbar eg med budsjett og prognosar knytt til rekruttering til internasjonale organisasjonar.
Tormod Nuland
Stilling: Seniorrådgivar og prosjektkoordinator for internasjonal rekruttering
– Eigentleg er eg utdanna journalist, og har lang erfaring frå arbeid i internasjonale miljø. Eg har arbeidd utanfor Norge i 10 år, både for ulike norske organisasjonar og ambassade. Eg har også hatt ulike stillingar i FN i Etiopia, Niger, Mali og Sveits.
Kva går jobben din ut på?
– Kvart år betalar Norge for ein del jobbar som er reservert for nordmenn i FN-systemet og hos Verdensbanken. På denne måten støttar Norge FN direkte med folk, og gir samstundes nordmenn moglegheita til å få erfaring frå FN-systemet. Håpet er å få fleire nordmenn inn i internasjonale organisasjonar, slik at Norge får meir innverknad internasjonalt. Jobben min er å vere eit bindeledd mellom Utanriksdepartementet, som bestemmer kvar stillingane skal vere og Norec som overfører midlar til FN, og FN som tilset folka. Det er ein spennande jobb der eg får god bruk for det å ha jobba i FN før. Eg har òg mykje kontakt med dei som blir tilsette i stillingane, og gir dei tips og råd om korleis dei kan få mest mogleg ut av å jobbe for FN.
Heidi Fluge
Stilling: Senior administrasjonskonsulent
– Med ei utdanning innan kunst/vev og regenerativ dyrking lurer ein kanskje på korleis eg enda opp i Norec. Gjennom arbeidslivet har eg tileigna meg lang erfaring innan administrativt arbeid. Då Norec lyste ut stillinga som administrasjonskonsulent, passa det meg difor midt i blinken.
Kva går jobben din ut på?
– Hovudsakleg arbeider eg med utbetaling av tilskot til alle partnar-prosjekta som er støtta av Norec rundt om i verda. I tillegg bidreg eg med arkivhjelp som til dømes journalføring, avslutting av saker og el-innsyn. Det er også eg som tar hand om postgang og sentralbordet til Norec. Om du ringer eller sender oss ein mail er det difor stor sannsynlegheit for at han blir sendt til meg. Som husansvarleg passar eg også på at ting blir reparert dersom noko blir øydelagt, og går til innkjøp av alt som trengst å handlast inn.
Miriam Haugsbø
Stilling: Analyserådgivar
– Frå Universitetet i Oslo har eg ein master i statsvitskap. Tidlegare har eg jobba innanfor fagområdet klima og transport som konsulent. I tillegg til å ha arbeidet i Klima- og miljødepartementet. I januar flytta eg frå Oslo til Førde for å begynne som analyserådgivar hos Norec.
Kva går jobben din ut på?
– Som analyserådgivar på seksjon for verksemdstyring arbeidar eg med å samle inn og ta i bruk informasjon om Norec sitt arbeid. Dette gjer vi for at vi skal bli endå betre på jobben vi gjer. Informasjonen vert samla inn gjennom spørjeundersøkingar som vert sende ut til deltakarar og partnarorganisasjonar. Deretter bestiller vi rapportar frå eksterne konsulentar, i tillegg til å gjere interne utgreiingar.
Camilla Valvik
Stilling: Seniorrådgivar HR
– Sjølv om eg har ein mastergrad i samanliknande politikk, valte eg etter fullført master å fortsette med HR-fagleg utdanning. Dei siste ti åra har eg arbeidet med HR både hos Eviny (tidlegare BKK) og Fjaler kommune. Då Norec lyste ut stillinga som seniorrådgivar innan HR, kunne eg ikkje late vere å søke. Norec sitt samfunnsoppdrag, og også moglegheita til å arbeide i eit internasjonalt miljø, var avgjerande for at eg søkte på jobben.
Kva går jobben din ut på?
– HR-jobben er variert og givande. Arbeidsoppgåvene mine handlar mykje om å yte god service på det meste innan fagområdet for lønn og personale. Eg bidreg også med rådgiving tilknytt HR-spørsmål for leiarane her hos oss. I tillegg er rekruttering ein viktig del av jobben, både til stillingar hos Norec og saman med resten av teamet som jobbar med stillingar i internasjonale organisasjonar som FN og Verdensbanken.
Thomas Viken
Stilling: IKT ansvarleg
– Av utdanning har eg ein bachelor i informasjonsteknologi. Sjølv om eg kjem i frå Vestlandet flytta eg til Oslo for å ta utdanning, og det var også der eg byrja arbeidslivet mitt. Etter 7 år ville eg tilbake til Vestlandet. Heldig som eg var fekk eg jobb i Norec under flyttinga frå Oslo til Førde, og fekk moglegheita til å prøve meg på Vestlandet etter gammalt.
Kva går jobben din ut på?
– Når det tekniske ikkje verkar, er det meg dei andre ringer til. Som IKT ansvarleg har eg ansvar for å administrere alt av IKT system, som til dømes monitor, tastatur og datamaskiner. Dette omfattar både innkjøp og vedlikehald av utstyret, oppfølging av leverandørar og innleidde konsulentar. Dessutan deltek eg i forskjellige prosjekt og anbodsprosessar der eg bidreg med min kompetanse.