2020: Året då eit virus lærte verda at samarbeid betyr alt
26. april 2020I januar var covid-19 eit ukjent omgrep. I dag er det ingen som ikkje har høyrt korona. På få månader har eit virus frå ein dyremarknad i Kina skapt vår generasjons største krise. Viruset bryr seg lite om landegrenser. Det behandlar alle likt – uavhengig av nasjonalitet, styresett og størrelse på lommebok.
Verda i dag jobbar mot ein felles, usynleg fiende. Vårt fremste våpen er samarbeid. For bak avistitlane som dagleg minner oss om surrealismen og alvoret i krisa, viser også menneska seg frå si beste side.
Aldri før har kunnskapsdeling og erfaringsutveksling vore viktigare. Smitteverntiltak, medisinsk utstyr og arbeidet mot ei vaksine – dette får vi berre til om vi jobbar i same retning. Kina, som stod først i kampen, er no på veg ut på den andre sida – mange erfaringar og lærdommar rikare. Denne kunnskapen deler dei no med landa som no står midt i krigen. Deira kunnskap er gull verdt når andre land skal legge sin kampstrategi.
Den siste veka har vi sett eit auka fokus på spreiinga av koronaviruset globalt. Vi har fått dei første reportasjane frå India, Sør-Afrika og Uganda, der dei praktisk talt har stengt alt dei neste vekene. I Norge er vi heldige. Vi har eit helsevesen som i stor grad vil kunne hjelpe dei som vert smitta. Og vi har eit sikkerheitsnett som vil lette dei økonomiske konsekvensane av krisa, både for enkeltpersonar og bedrifter.
Dette er ikkje tilfellet i mange av landa Norec samarbeider med. I Afrika sør for Sahara lever 400 millionar menneske i ekstrem fattigdom. Dei har ikkje ei ordning som kan gje dagpengar til permitterte arbeidstakarar eller kompensere bedriftene for bortfalla inntekter.
Når deira inntekt fell bort, har dei ingen alternativ.
Dei strenge tiltaka har sendt hundretusenvis av menneske ut i arbeidsløyse. For mange blir difor frykta for konsekvensane av innstrammingane større enn frykta for sjølve viruset.
Samarbeid er avgjerande for at alle land kjem heilskinna gjennom krisa. For oss handlar det om å ha to tankar i hovudet samtidig. Norge må både styrke eigen beredskap og vere ein bidragsytar i å styrke global beredskap. Det hjelper lite å utrydde viruset her, dersom det er full spreiing i andre land.
Kunnskapsdeling, erfaringsutveksling og gjensidigheit er grunnpilarar i Norec sitt arbeid. I desse tider har også mange av Norecs utvekslingar stoppa opp – med rette. Vi skal ikkje bidra til å sette fart på pandemien. Vi er likevel imponert over arbeidet som blir gjort av mange av våre samarbeidspartnarar. Digitale arbeidsmetodar gjer at mange av våre utvekslingsdeltakarar og partnarar likevel klarar å nå sine målgrupper.
Til dømes har våre partnarar Blue Dragon og Phare Ponleu Association tatt i bruk streaming og videoproduksjon slik at dei heimreiste utvekslingsdeltakarane kan halde fram med å følge opp elevane sine. IT-selskapa Laboremus og Quesnay jobbar frå heimekontor, og gjennomfører møter og oppfølging virtuelt for å sikre kontinuitet i arbeidet.
Og for World Association of Girl Guides and Girl Scouts (WAGGS) har sosiale medium blitt den nye arbeidsplassen, der utvekslingsdeltakarane er særs aktive for å spreiie viktig informasjon om COVID-19. Arbeidet deira vil bidra til at det blir litt enklare å returnere til kvardagen når kurva er flata ut.
Ein dag er dette over. Vi og verda vil gå vidare – med nye mogelegheiter og utfordringar. Og når kvardagen startar igjen – som den vil gjere – skal vi ta opp igjen gamle prosjekt og starte nye. Gjensidig deling av kunnskap, kompetanse og erfaringar har aldri vore viktigare.