Fem prosjekt får støtte frå ny støtteordning
19. desember 2024Den nye støtteordninga EtterUtveksling har fått enorm respons. Av 145 søknadar er fem prosjekt plukka ut. Den totale potten for støtteordninga er på 200 000 norske kroner.
– Responsen har vore heilt enorm. Vi hadde håpt på 100 søknadar, men talet enda til slutt på 145. Det viser at ordninga er noko folk har venta på, seier nettverksrådgivar i Norec Tasle Torrissen Knapstad.
I august lanserte Norec den nye støtteordninga EtterUtveksling. Ordninga gir tidlegare utvekslingsdeltakarar i Norec moglegheit til å søke om økonomisk støtte til å realisere idear dei har fått under utveksling.
– Over 12 000 personar har vore på utveksling gjennom Norec sidan 1963. Mange av dei kjem heim med idear, engasjement og eit sterkt ønske om å halde fram med å bidra til utvikling – både for seg sjølve og lokalsamfunna sine. Men ofte manglar dei økonomiske midlar. Her kjem EtterUtveksling inn som eit verktøy som kan bidra til å sette planane ut i live, seier Knapstad.
Fem prosjekt får støtte
Av dei 145 søknadane, har fem prosjekt fått innvilga støtte frå potten på totalt 200 000 norske kroner.
Prosjekta som får støtte er:
Vil betre hygieneforholda for jenter i puberteten
Fem barneskular og eit rehabiliteringssenter skal lære opp jenter frå 13 år til å lage sine eigne sanitetsbind som kan brukast om att. Prosjektet bidreg til betre hygiene og ein tryggare pubertet for unge jenter og vil ha effekt over lang tid. Bind som kan brukast om att er også betre for miljøet og meir berekraftig.
- Land: Malawi
- Sum: USD 4000,-
Skal gi bønder nye inntektskjelder med birøkt og meir hardføre avlingar
Kilimambogo Organic Growers styrkar lokale bønder ved å gi opplæring i berekraftig jordbruk, birøkt og dyrking av urter. Ved å gi bønder kunnskap om berekraftig landbruk, birøkt, urtedyrking og agro-økoturisme vil prosjektet gi bønder fleire inntektskjelder. Avlingar som toler betre tørke og er motstandsdyktige mot skadedyr og sjukdommar er ein viktig del av prosjektet.
- Land: Kenya
- Sum: USD 4643
Vil sikre born med nedsett funksjonsevne tidleg hjelp
I Iringa, Tanzania, blir mange born med nedsett funksjonsevne ikkje oppdaga tidleg nok på grunn av manglande kunnskap og opplæring blant foreldre, og nøkkelpersonell som sosialarbeidarar og helsearbeidarar. Dette hindrar naudsynt støtte og tilgang til grunnleggjande rettar som utdanning. Prosjektet skal tilby opplæring til helse- og sosialarbeidarar og foreldre for å tidlegare kunne oppdage born med nedsett funksjonsevne. Målet er å sikre betre tilgang til støtte og tenester for å gi borna ein betre start i livet.
- Land: Tanzania
- Sum: USD 2151,6
Vil skape eit idrettssenter som skal vere ein trygg møteplass for born og unge
Born og unge i utsette lokalsamfunn i Tanzania møter utfordringar som fattigdom, rusmisbruk og mangel på trygge fritidstilbod. Youth Peacemakers Tanzania planlegg eit fleirbruks idrettssenter i Lushoto for å gi desse unge eit positivt alternativ. Senteret vil tilby trygge rammer for sport, livsmeistring og sosialt samvær, samtidig som det fremjar talentutvikling og inkludering, spesielt for jenter og born med spesielle behov.
- Land: Tanzania
- Sum: USD 4559,67
Vil gi unge åleinemødrer verktøy for ei berekraftig framtid
I Ruhama Ntungamo-distrikter møter unge åleinemødrer utfordringar som avgrensa tilgang til utdanning, helsehjelp og økonomiske moglegheiter. Dette bidreg til varig fattigdom. Prosjektet tek sikte på å betre liva til 100 åleinemødrer innan 2025 gjennom tiltak som berekraftig jordbruk, helseinformasjon, yrkesopplæring og auka samfunnsengasjement. Prosjektet ønskjer å gi kvinnene ferdigheiter og ressursar til å bli sjølvstendige, starte eigne verksemder og sikre ei berekraftig framtid for seg sjølve og familiane sine.
- Land: Uganda
- Sum: USD 5000
Krevjande å velje
Det høge talet på søknadar gjorde utveljinga utfordrande.
– Det var mange sterke søknadar og interessante prosjekt. Vi hadde klare kriterium for tildelinga og ønskte også å sikre geografisk og tematisk breidde, seier programrådgivar i Norec, Dilanka Fernando.
For å kunne søkje støtte frå EtterUtveksling måtte desse kriteria vere oppfylte:
- Søkaren må vere medlem i Norec-nettverket
- Søkaren må ha fullført utveksling i 2023 eller 2024
- Prosjektet må vere knytt opp til utvekslinga på ein eller annan måte
- Søkaren må vise at god kjennskap til temaet som prosjektet skal handle om
- Prosjektet må gjennomførast i Noreg eller eitt av Norecs partnarland
- Prosjektet må støtte eitt eller fleire av FNs berekraftsmål
- Prosjektet må vere kostnadseffektivt og dekke eit reelt behov i lokalsamfunnet
- Søkaren må ha ein avtale med ein partnarorganisasjon (støtta kan ikkje betalast ut til einskildpersonar)
Rask oppstart
Prosjekta som har fått støtte, vil få utbetalt pengane i løpet av kort tid. Prosjektet eller aktiviteten må gjennomførast i løpet av dei første seks månadene etter at støtta er innvilga. Det skal også leverast ein rapport om kva pengane har vorte brukte til.
– Det er nybrottsarbeid for oss. Vi gler oss til å sjå kva søkarane får ut av pengane dei er tildelt. Alle prosjekta har stort potensial og kan ha stor innverknad på livskvaliteten til målgruppene som er involvert, seier Knapstad.
Det er førebels ikkje avgjort om EtterUtveksling vert vidareført neste år.
– Vi skal evaluere pilotprosjektet grundig før vi tek ei avgjerd, seier Knapstad.