Regjeringa foreslår å auke løyvingane til Norsk senter for utvekslingssamarbeid med 68,5 millionar kroner i statsbudsjettet for 2025.

— Dette er svært gledelege nyheiter, og noko vi har jobba for lenge. Det er ei anerkjenning av at jobben Norec gjer er nyttig, gir resultat og fungerer godt levert frå Førde, seier direktør i Norec, Jan Olav Baarøy.

I framlegget til statsbudsjett er dei auka løyvingane fordelte slik:

  • Utveksling – auke på 20 millionar, frå 133.5 millionar til 153,5 millionar
  • Rekruttering til FN – auke på 25 millionar, frå 50 millionar til 75 millionar

I tillegg vert 10,5 millionar kroner flytta frå Norad til Norec. Evalueringa av norsk bistand vart i mars vedteken flytta frå Norad til Norec med verknad frå 1.1.2025 – dei 10,5 millionane er driftsmidlar som følgjer dei ni stillingane på avdelinga.

Det følgjer også med 13 millionar kroner til produksjon av evalueringar på avdeling for evaluering. Dette gir ein total budsjettauke på 68,5 millionar kroner for Norec.

Har stor effekt

Norec støttar internasjonale partnarskap som ønskjer å dele kunnskap gjennom utveksling av personell. Forslaget om auka løyving på 20 millionar kroner til utveksling gir rom for at fleire partnarskap kan dele kunnskap på tvers av landegrenser.

— I ei tid med sterke geopolitiske motsetnader er det fleire enn nokon gong som søkjer stønad til internasjonalt samarbeid. Vi har måtta seie nei til mange skikkeleg gode prosjekt fordi vi ikkje har hatt meir midlar. Ein slik auke betyr at endå fleire partnarskap kan få støtte til å drive internasjonalt samarbeid, seier Baarøy.

I 2024 har 57 partnarskap ei internasjonal utveksling gjennom Norec. Rundt 450 deltakarar er, eller har vore på utveksling i 2024, fordelt på 21 land.

Opnar for 15 nye FN-stillingar

Norec jobbar også for å få fleire nordmenn inn i FN og andre internasjonale organisasjonar. Dette er eit uttalt mål for den norske regjeringa. Juniorekspertordninga er ein viktig måte å rekruttere nordmenn til FN på, og det er Norec som lyser ut og finansierer desse stillingane. Den føreslegne auken på 25 millionar kroner vil gi konkrete resultat.

— Det betyr at 15 nye nordmenn kan rekrutterast inn i FN. I ei tid der det multilaterale samarbeidet er i press, er dette eit viktig bidrag, seier Baarøy.

Forslaget til statsbudsjett 7. oktober er regjeringa sitt forslag til korleis pengar skal fordelast det komande året. Deretter skal Stortinget behandle saka fram til endeleg budsjettvedtak i løpet av desember.