Norec gir stønad til at bedrifter kan sende unge arbeidstakarar på arbeidsutveksling til ein samarbedispartnar i Afrika, Asia eller Latin-Amerika. Det er vinn-vinn for alle partar.

Tilskotet frå Norec vert brukt til å finansiere utveksling av unge arbeidstakarar. Ordninga er fleksibel, og kan brukast på fleire måtar:

– Vi støttar bedrifter, organisasjonar og institusjonar som ønskjer å jobbe aktivt med berekraftsmåla, fortel seksjonsleiar for næringsliv i Norec, Tehetena Woldemariam.

Arbeidsutvekslinga går mellom Noreg og land i Afrika, Asia og Latin-Amerika. Bedrifter får moglegheit til å sende tilsette til samarbeidspartnarar i andre land for ein periode på seks til 12 månadar.

Gir betre arbeidsplassar

Norec har over 60 års erfaring med å legge til rette for at folk skal lukkast med å jobbe i utlandet. Norec har dokumentert at erfaring frå utveksling kan leie til betre arbeidsprosessar, innovasjon og ein sterkare kultur for læring og utvikling.

– Dei tilsette får verdifull internasjonal erfaring og nye perspektiv. Når dei returnerer etter utvekslingsopphaldet, har dei med seg ny kunnskap og nye ferdigheiter som kjem heile organisasjonen til nytte, seier Tehetena Woldemariam i Norec.

Bildet er tatt i Nairobi, Kenya. Ein mann instruerer kvinner i korleis dei kjøper seg rimeleg mikroforsikring.
Det norske selskapet DDFinance gjorde suksess då dei etablerte selskap i Norge og Kenya. Takka vere tilskot frå Norec tiltrakk dei seg riktig kompetanse. Selskapet tilbyr billig mikroforsikring til marginaliserte grupper i Kenya og Burundi.

Norec kan hjelpe næringslivet

Berekraftsmåla, eller 2030-agendaen, er ein verdsomspennande arbeidsplan for å utrydde fattigdom, motverke ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. For å nå desse måla, trengst det nye former for partnarskap mellom offentlege og private aktørar.

Her kan Norec vere ei viktig brikke.

– Målet med å støtte utveksling i næringslivet er at dei lærer av andre aktørar, og blir betre i stand til å utvikle løysingar for å møte dei globale utfordringane. Næringslivet har både evner og ansvar til å bidra til ei berekraftig framtid, seier Woldemariam.

Eit utvekslingsprosjekt støtta av Norec kan gjerast på fleire måtar. Dette får ein moglegheit til å utforske saman med ein rådgivar i Norec i ei forundersøking.

Meir informasjon om støtteordninga
Send oss ein e-post
Søk her

Møt Norec i Arendal

Norec skal ha to arrangement under Arendalsuka:

 

Måndag 12. august, Den lille andunge

13.00 – 14.00: Dommedag for den demokratiske verdensordenen?

  • Tormod Nuland, Debattleder, Norec
  • Nikolai Hegertun, seniorrådgivar, Norad
  • Lise Rakner, Professor i statsvitskap, Institutt for politikk og forvaltning, Universitetet i Bergen
  • Ylva Bang, Internasjonal ansvarleg, KrFU
  • Arvinn Gadgil, Direktør, UNDP Governace Center
  • Roger Sevrin Bruland, Kommunikasjonsleiar, Norec

 

Tysdag 13. august, Den lille andunge

16.00 – 16.45: Kunsten å kome heim: Korleis forvaltar vi best krysskulturell kompetanse?

  • Roger Sevrin Bruland, Debattleiar, Norec
  • Jan Olav Baarøy, Direktør, Norec
  • Benedicte Giæver, leiar, NORCAP
  • Tellef Thorleifsson, Direktør, Norfund

Sissel Kruse, Strategisk kommunikasjonsrådgjevar, Natos generalsekretær