Norec sine etiske retningslinjer
Arbeidet i Norec er tufta på likeverd, solidaritet og gjensidigheit. Våre etiske prinsipp står i sentrum av desse verdiane. Deltakarar, partnarar og medarbeidarar er alle saman ambassadørar for Norec, og skal opptre i samsvar med disse etiske retningslinjene i arbeidet vårt og i våre relasjonar til andre.
Vi er kulturbevisste
Vi set oss inn i lokale lover og reglar, kultur og tradisjonar, og oppfører oss på ein måte som viser respekt for dette.
Vi respekterer menneske si verdigheit
Gjennom måten vi opptrer på, viser vi respekt overfor alle enkeltpersonar, uansett rase, kjønn, religion, hudfarge, nasjonalt eller etnisk opphav, språk, seksuell legning, alder, sosioøkonomisk status, politisk overtyding eller eventuelle andre særtrekk. Vi aksepterer ikkje noko form for trakassering, misbruk eller diskriminering.
Vi er ansvarlege
Vi vurderer miljøkonsekvensane av aktivitetane våre. Vi utnyttar ikkje vår posisjon for å oppnå fordelar for oss sjølve eller andre. Vi har nulltoleranse overfor korrupsjon og andre finansielle avvik, og vi rapporterer uakseptable forhold eller uakseptabel åtferd.
Fann du det du leita etter?
Takk for tilbakemeldinga!
Takk for tilbakemeldinga!