– Alle vidaregåande skular bør ha eit internasjonalt prosjekt
29. mars 2022Betre engelskkarakterar, meir internasjonalt engasjement og betre miljø. Slik har dei malawiske utvekslingsdeltakarane endra Flora vgs.
Utviklingsminister Dag Inge Ulstein besøkte i går Flora vidaregåande skule. Skulen har sidan 2012 samarbeidd med entreprenørskapssenteret Nkhotakota Youth Organization i Malawi og vore gjennom åtte rundar med utveksling av personell.
Ireen Mbunda og Steve Kapatuka er for tida på utveksling frå Malawi, og dei underviser i engelsk og matte på skulen.
– Eg er glad vi kom før koronapandemien braut ut, og vi har blitt utruleg godt tatt vare på av alle her på skulen. Elevane var litt sjenerte i starten, men etter kvart vart dei tryggare på seg sjølv og turte å snakke engelsk, forklarar Ireen.
– Eg likar måten lærarane her snakkar til elevane. Det er mindre formelt, og lærarane lyttar i større grad til elevane sine. Det skal eg ta med meg tilbake til Malawi, seier Steve og legg til:
– Matematikken i Norge er mykje enklare enn den vi lærer i Malawi, det overraska meg.
Deltakarane frå Malawi og Uganda bestemte seg for å bli i Norge, medan dei norske deltakarane reiste heim då koronapandemien braut ut for fullt i mars.
– Sjølv om eg berre var i Malawi nokre veker, var det eit vendepunkt i livet. Det finst fleire måtar å løyse utfordringar på, og utvekslinga har lært meg å sjå ting frå ulike perspektiv. Det er godt for skulen å ha prosjektet. Det set spor i alle elevane, seier Dag Henrik Nygård.
Viktig for alle skular
Utvekslingsprosjektet har mellom anna resultert i:
- Yrkesskule i Nkhotakota
- Kultur- og yrkesopplæringssenter i Nkhotakota. Over 750 elevar har fått minst eitt år opplæring i ulike yrkesfag gjennom dei to opplæringssentera
- Solcelleselskapet Kumudzi Kuwale er eit direkte resultat av utvekslinga. Dei leverer straum til nesten 90 000 menneske og har 121 tilsette.
- Engelskkarakterar blant yrkesfagselevar på Flora vgs. har økt frå 3,6 til 4.
- 92 prosent av elevane er engasjert i det internasjonale arbeidet ved skulen.
I februar i år vart også Firda vgs. på Sandane ein del av prosjektet.
– Alle skular i Norge burde hatt eit slikt prosjekt. Vi er inne i ei utfordrande tid, og då er det fantastisk å sjå slike unge rollemodellar, seier Ulstein.