Trainee i Norec: – Gøy når du får så mykje tillit
12. september 2023Som trainee i Norec får du mykje tillit og ansvar heilt frå start.
Aurora Andersen (28) er trainee i Norec gjennom Framtidsfylket Vestland i kullet for 2023/2024. Ane Norman Kjørslevik (29) var med i fjorårets kull, og er no i eit vikariat i Norec.
Begge opplever å ha fått mykje tillit tidleg som traineear i Norec. I september 2023 har dei ansvar foor å ta imot og arrangere kurs for 28 unge menneske frå Tanzania, Mosambik, Brasil og Norge.
– Det er gøy å vere ny i arbeidslivet når du får så mykje tillit. Det er eit kjempekompliment, seier Ane, som flytta heim til Førde for å vere trainee.
Aurora, som opphavleg kjem frå Kvænangen i Troms, set pris på sjansen til ein internasjonal karriere frå ein liten by på Vestlandet:
– Det er litt klisjé å seie, men vi jobbar i Førde med heile verda som arbeidsplass.