Desse internasjonale prosjekta får stønad frå Norec i 2024
18. desember 2023Matsikkerheit, menneskerettar, spedbarnsdødelegheit, kraftproduksjon og mykje meir: Her er oversikta over alle samarbeidsprosjekt som startar Norec-utveksling i 2024.
Åtte nye arbeidsutvekslingar i 2024
I 2023 fekk Norec rekordmange søknadar om utveksling.
Norec har innvilga stønad til åtte utvekslingsprosjekt mellom globale partnarskap. I oversikta under er koordinerande part markert med feit skrift. Samarbeidspartnarane deira er markert med innrykk. Norec betaler ut tilskotet til koordinerande part, men prosjektet er utforma av alle involverte i felleskap.
1. Gir befolkninga i verdas slumområder ei stemme
Ein milliard av verdas befolkning bur i slumområde. Slum Dwellers International (SDI) er ei global rørsle som gir desse ei stemme. Utvekslingsprosjektet har som mål å løfte fram unge leiarar innanfor dette arbeidet, og auke innflytelsen deira.
- Slum Dwellers International (SDI), Sør-Afrika
- Shack Dwellers International (SDI Kenya), Kenya
- ACTogether, Uganda
- Centre for Community Organisation and Development (CCODE), Malawi
- Varigheit: 2024-2025
- Sum: USD 222 000,-
2. Nye løysingar for å auke matsikkerheit i møte med klimaendringar
Prosjektet skal gi unge opplæring i entreprenørskap og innovasjon innan landbruk. Målet er å dempe effekten klimaendringane har på matsikkerheit.
- StartHub Africa Ltd, Uganda
- Ennovate Ventures (Ignite Africa Ltd), Tanzania
- Varigheit: 2024 – 2025
- Sum: USD 125 013
3. Auke avkastning og betre levevilkår for småskalabønder
Gjennom utveksling skal ein auke og betre produksjonen av søtpoteter blant småskalabønder i Zimbabwe og Sør-Afrika. Auke i avkastning og inntekt vil betre levevilkåra for både bøndene og lokalsamfunna.
- University of Pretoria, Sør-Afrika
- Rural Enterprise Trust of Zimbabwe (RETZ), Zimbabwe
- Varigheit: 2024 – 2025
- Sum: USD 68 495,-
4. Sjølvberging og berekraftig landbruk i Latin-Amerika
Prosjektet tar tak i spesifikke område innan matsikkerheit gjennom ei interlink*-tilnærming. Gjennom å dele kunnskap, ferdigheiter og praksisar, skal utvekslinga medverke til sjølvberging, berekraftig landbruk og organisasjonsutvikling.
- Latin-Amerikagruppene (LAG) Solidaritetsbrigader, Noreg
- Coordinadora Nacional de Viudas de Guatemala (Conavigua), Guatemala
- Movimento dos Trabalhadores Rurais Sem Terra (MST), Brasil
- Coordinador Nacional Agrario (CAN), Colombia
- Varigheit: 2024 – 2026
- Sum: USD 301 321,-
*interlink= Ein modell for makroøkonomi nytta av OECD.
5. Betre nyfødd- og prematuromsorg i India
Prosjektet har som mål å styrke helsetilbodet til sjuke og for tidleg fødde spedbarn i India. Helsepersonell får auka ferdigheiter ved å samarbeide i ulike kulturelle omgjevnader i Norge og India.
- Department of Global Health, Oslo University Hospital (OUH), Noreg
- Lady Harding Medical College & Kalawati Saran Children’s Hospitals (LHMC & KSCH), India
- Varigheit: 2024 – 2026
- Sum: USD 275 126,-
6. Sikrar at fleire afrikanske lokalsamfunn har tilgang til rein solenergi
Gjennom utveksling skal partnarane dele teknisk og administrativ kunnskap om solenergi i den afrikanske marknaden. Slik sikrar ein at fleire afrikanske lokalsamfunn har tilgang til rein energi.
- Sunami Solar, Kenya
- Sunami Solar, Uganda
- Multiconsult, Noreg
- SunErgy, Kamerun
- Varigheit: 2023 – 2024
- Sum: USD 224 775,-
7. Jobbskaping innan landbruk, fornybar energi og havøkonomi*.
Formålet er å skape arbeidsplassar og berekraftige bedrifter innan landbruk, fornybar energi og havøkonomi.
- TechBridge Invest Africa, Kenya
- MTI Invest, Tanzania
- Universitetet i Agder, Noreg
- Varigheit: 2024 – 2026
- Sum: USD 254 193,-
*Havøkonomi = økonomisk aktivitet knytt til hav, sjø og kyst – som til dømes havvind eller oppdrettsnæring.
8. Betre rettsstat og demokrati gjennom utveksling
Formålet med prosjektet er at utvekslingsdeltakarane skal få auka forståing og kunnskap om rettssystem-, prosessar og institusjonar. Dei skal utvikle ferdigheiter om lovtolkning- og analyse, rettsprosedering, problemløysing og forskning. Slik får dei erfaring innan komparativ jus, og kan komme med nye løysingar, fremje demokrati og rettsstat i austlege og sørlege Afrika.
- African Judges and Jurists Forum, South Africa
- International Commision of Jurists Kenyan Section, Kenya
- Legal Resources Forum, Zimbabwe
- Foundation for Human Rights Initiative, Uganda
- Varigheit: 2024-2026
- Sum: USD 286 000,-
Tolv nye forundersøkingar i 2024 – steget før utvekslingsprosjekt
Første steg i alle nye utviklingsprosjekt som Norec støttar er ei forundersøking med potensielle partnarar. Under forundersøkinga møtest partnarane for å utarbeide ein søknad om eit utvekslingsprosjekt. Forundersøkinga må vere ferdig og godkjend før partnarane kan søke om ein samarbeidsavtale.
Ei forundersøking varer som regel mellom fire og åtte månadar.
1. Produsere mat av biologisk avfall
Prosjektet skal gjere biologisk avfall om til etelege protein, til bruk både i mat og dyrefôr.
- NPC Solutions, Noreg
- Universitas Bung Hatta, Indonesia
- Sum: USD 6 630,-
2. Nettverk for å betre menneskerettane hos marginaliserte grupper
Organisasjonane jobbar med å promotere menneskerettar hos marginaliserte grupper i samfunnet, slik at desse skal få betre vern. Gjennom utveksling vil dei bygge regionale og internasjonale nettverk for å bli betre rusta til å hjelpe fleire.
- Centre for Study of Violence and Reconciliation (CSVR), Sør-Afrika
- Justice Access Point (JAP), Uganda
- Children’s Education Society (CHESO), Tanzania
- Midrift Human Rights Network (Midrift HURINET), Kenya.
- Sum: USD 6 272,-
3. Hjelper fleire å bli lese- og skrivekunnige
Utveksling av metodar og bestepraksis for å hjelpe fleire på landsbygda i Guatemala og Colombia å bli lese- og skrivekunnige.
- Luker Foundation, Colombia
- Seeds for Progress Foundation, Guatemala
- Sum: USD 2 400,-
4. Mat for morgondagens tallerken
Partnarskapet ønsker å utvikle opplæringa i matsikkerheit og ernæring for barn og unge. Ved å utforske lokale og globale løysningar, vil dei gi nye generasjonar fleire læringsarenaer og insentiv til å dyrke mat for morgondagens tallerken.
- Stiftelsen Geitmyra matkultursenter for barn, Noreg
- Farm for the Future, Tanzania
- Sum: USD 6 525,-
5. Finne løysing på avfallshandtering og forureining
Prosjektet skal ta føre seg utfordringar knytt til avfallshandtering og forsøpling i Bangladesh og India. Dei vil promotere miljøvenlege praksisar, og kjempe mot forsøpling.
- RUSTIC, Bangladesh
- Salt Lake City Prayasam, India
- Sum: USD 752,-
6. Gjere unge betre rusta til å kjempe mot klimaendringane
Prosjektet rettar seg mot unge i ulike forskning- og utviklingsprogram knytt til klimaendringar. Gjennom utveksling skal desse få nye ferdigheiter som gjer dei betre rusta til arbeided med å skape kostnadseffektive, pålitlege, moderne og berekraftige løysingar på klima- og energikrisen.
- Hydro Lab Pvt Ltd, Nepal
- Key Laboratory of River and Coastal Engineering, Vietnam
- Sum: USD 4 064,-
7. Unge bønder som verktøy for å auke matsikkerheit i lokalsamfunn
Partnarskapet ønsker å sende unge bønder mellom Noreg og Malawi for å utveksle kunnskap og erfaringar om landbruk og teknologi. Målet er å auke matsikkerheita i lokalsamfunna.
- Sunnfjord kommune, Noreg
- Ntchisi District Council, Malawi
- Sum: USD 7 387,-
8. Auke internasjonalt samarbeid om rein energi
Prosjektet skal innarbeide tiltak mot klimaendringar i utviklinga av vasskraft. Gjennom utveksling vil dei auke det internasjonale samarbeidet om forsking og teknologi knytt til rein energi.
- Multiconsult AS, Noreg
- Hydroconsult engineering Ltd, Nepal
- Sum: USD 7 026,-
9. Internasjonale tenketankar for berekraftig matproduksjon
Organisasjonane ønsker å saman etablere tenketankar for næringsliv, akademia, sivilsamfunn, myndigheiter og FN. Desse skal utvikle løysingar for meir berekraftige system for matproduksjon i dei aktuelle landa.
- UN global compact nettverk, Noreg
- Pacto Global Rede, Brasil
- Pacto Global Red, Colombia
- Perkumpulan Indonesia Global Compact Network, Indonesia
- Global compact network, Kenya
- Sum: USD 19 760,-
10. Betre helsetenester for mødrer og spedbarn
Partnarskapet ønsker å dele bestepraksis innan helsetenester for mødrer, spedborn og familiar. Formålet er å jobbe for berekraftige og betre helsetilbod i Noreg og Brasil.
- Høgskulen på Vestlandet i Haugesund (HVL), Noreg
- Universidade do Vale do Itajaí (Univali), Brasil
- Sum: USD 5 664,-
11. Matsikkerheit og økonomisk sjølvstende for bønder
Prosjektet ønsker å auke matsikkerheita og økonomisk sjølvstende for særleg unge og kvinnelege risbønder.
- Foundation for Community and Capacity Development (FOCCAD), Uganda
- Action for Development Programs-Mbozi, Tanzania
- Sum: USD 3 966,-
12. Traumehandtering blant konfliktramma unge
Prosjektet fokuserer på fremme god psykososial helse blant unge som har vore ramma av konflikt. Gjennom utvekslinga skal ein dele gode metodar for førebygging og handtering av stress, traume og konfliktløysing.
- Kenya Red Cross Society, Kenya
- Uganda Red Cross Society; Uganda
- Sum: USD 3267