FNs organisasjon for sør-sør samarbeid lanserer i dag ein spesialrapport om Norec på sin store internasjonale konferanse BAPA+40. Rapporten, «South South and Triangular Cooperation in Action: Norec», markerer Norec som internasjonal aktør og kompetansesenter.

Tysdag ettermiddag, dagen før den offisielle opninga av FN-konferansen BAPA+40 i Buenos Aires, lanserast ein spesialrapport om Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec). Rapporten er skrive i samarbeid med FNs organisasjon for sør-sør-samarbeid (UNOSSC), og vert lansert av statssekretær Jens Frølich Holte og direktøren for UNOSSC under arrangementet «South-South Cooopration in the Digital Era».

 

– Dette er eit flott høve til å markere oss internasjonalt og Norec sin posisjon som kompetansesenter på sør-sør og triangulært samarbeid, seier seniorrådgjevar Helge Espe. Han har skrive rapporten saman med konsulent Astrid Scnitzer-Skjønsberg.

 

Helge Espe deltek på konferansen saman med Norec sin direktør, Jan Olav Baarøy, i ein offisiell delegasjon frå Utanriksdepartmentet. The Second United Nations (UN) Conference on South-South Cooperation, elles kjent som BAPA+40, markerer 40-årsjublileumet for den banebrytande FN-konferansen om teknisk samarbeid mellom utviklingsland i 1978. Konferansen la grunnlaget for utviklinga av sør-sør samarbeid sidan den gong.

 

Her kan du lese om korleis Norec jobbar med sør-sør utveksling.

 

Styrkar Norec si rolle som internasjonal aktør 

Spesialutgåva om Norec går inn i publikasjonsserien til UNOSSC «South-South and Triangular Cooperation in Action». Tidlegare har i overkant av 20 land og institusjonar skrive sin rapport som alle tek før seg korleis dei brukar sør-sør og triangulært samarbeid for å skape utvikling.

 

Du kan lese rapporten her: South South and Triangular Cooperation in Action: Norec.

 

– Vi var dei første i Norge som tematiserte sør-sør-samarbeid og har drive aktivt med dette i 18 år. Både i form av tilrettelegging for sør-sør samarbeid, og ved å støtte triangulære prosjekt der også norske partnarar er med. At vi no får ein eigen rapport om vår modell som skal presenterast på UNOSSC sin konferanse vil styrke vår rolle som aktør i sør-sør og triangulært samarbeid, understrekar Espe.

 

På møtet stiller Uganda sin FN-ambassadør og president for UNOSSC, generalsekretæren i Fn Amina Mohammed, samt representantar frå UNDP.

 

Berekraftsmål 17: globale partnarskap

Rapporten beskriv korleis Norec sin modell skil seg frå tradisjonell einsidig utviklingsbistand ved å fokusere på personalutveksling, mennesket og gjensidigheit. Modellen sentrerer seg særskilt kring berekraftsmål 17, som fokuserer på globale partnarskap for berekraftig utvikling.

 

– Ved å fokusere på partnarskap som gjensidig utvekslar både personell og kunnskap tilfører Norec sin modell noko spesielt. Det er ein viktig grunntanke hos Norec at vi alle har noko å lære og noko å lære vekk. Denne gjensidigheita er ein unik tankegang i internasjonal bistandspolitikk, understrekar Helge Espe.

 

Rapporten viser fleire Norec-prosjekt, frå Latin-Amerika, Asia og Afrika, frå både sivilsamfunn, privat sektor og offentleg sektor.

 

– Rapporten tek føre seg både kva Norec har vore tidlegare, korleis modellen vår er no og korleis vi skal utvikle oss som kompetansesenter i framtida. Ei oppgåve for Norec er å gjere oss relevante, ikkje berre for eigne partnarar, men og for aktørar utanfor våre partnarskap, understrekar Helge Espe.