Norec får nye oppgåver
14. november 2023Frå nyttår tek Norec over tilskotsordninga for demokratifremjing gjennom politiske parti.
Ordninga rettar seg mot norske parti og ungdomsparti, og har fram til no vorte forvalta av Norad.
– Vi er stolte over at vi frå januar tek over denne oppgåva. Norec er eit kompetansesenter for utvekslingssamarbeid, og vi leverer godt på samfunnsoppdraget vårt. Vi ser fram til å bruke kompetansen vi sit på også på denne nye oppgåva, seier avdelingsdirektør i Norec, Margunn Indrebø Alshaikh.
Ordninga demokratifremjing gjennom politiske parti er eit avgrensa, men viktig bidrag i utviklinga av demokrati i utviklingsland. Norske politiske parti kan spele ei rolle på fleire måtar. Gjennom tverrpolitisk dialog og inkludering kan ein til dømes løfte rolla som kvinner og ungdom bør spele i forminga av framtidas politikk.
Syner at Norec-modellen fungerer
Det nye forvaltingsansvaret er også ei moglegheit for Norec til å utvide tilbodet sitt.
– Det er viktig fordi det syner at den tilnærminga som vi har til bistandsforvaltning, fungerer. Modellen vår har ein effekt og gir gode resultat på kompetanseheving, og det syner at vi evnar å legge til rette for at alle delar av samfunnet bidreg til berekraftig utvikling, seier Alshaikh.
Eit mangfald av velfungerande politiske parti er ein føresetnad for demokratiske samfunn som verkar godt. Politiske parti er eit naudsynt bindeledd mellom veljarane og dei som sit med makta. Dei stimulerer og representerer ulike synspunkt i eit samfunn.
Med aukande internasjonalisering og globalisering er òg viktig at norske partiorganisasjonar har kunnskap om, og er engasjert i, internasjonale spørsmål og utviklingspolitikk.
– Vi er ein viktig aktør i det å bygge tillit mellom norske aktørar og aktørar ute i verda, i ei tid der tilliten er pressa, seier Alshaikh.
Passar godt saman
Ho peikar på at Norec sit på årevis med kunnskap og erfaring som vil vere nyttig når dei no skal styre ei ny tilskotsordning.
– Ordninga rettar seg mot norske politiske parti og ungdomsparti. Erfaringa Norec har med å jobbe med unge menneske og kompetanseheving på tvers av kulturar og landegrenser går rett inn i dette, seier Alshaikh.
Norec driv med kompetanseoverføring gjennom Norec-modellen, og ordninga demokratifremjing passar godt inn i det Norec jobbar med frå før.
– Vi kjem inn med meir ressursar på kurs og læring, som kan gi dei eit betre utgangspunkt til å oppnå dei resultat og mål som dei har. Vi har eit løp som er velprøvd og som vi veit fungerer. Vi skal bruke erfaringa vår til å skreddarsy eit opplegg for dei, seier Alshaikh.
Lyser snart ut etter nye prosjekt
Politiske parti og ungdomsparti kan årleg søke om å få bli med i ordninga, og prosjekta som får stønad vert plukka ut frå faste kriterium.
Per i dag er det fem prosjekt som får støtte i ordninga, men desse har alle sluttdato 31. desember 2023. Norec kjem til å lyse ut etter nye prosjekt 17. november, med utveljing i løpet av første kvartal 2024. Ordninga har ei årleg budsjettramme på rundt åtte millionar kroner.