Norecs årsrapport 2022
3. mai 2023For Norec var 2022 var eit tilnærma normalt år etter to år med pandemi. Korleis har det gått? I årsrapporten til Norec for 2022 kan du ta eit djupdykk i mål, resultat og status for etaten.
Melding frå direktøren: Endeleg tilbake til normalen!
Då pandemien råka oss i 2020, var instruksen til Norec at vi skulle gjere vårt beste for å halde dei globale partnarskapa i gang. Om lag 60 av 80 Norec-støtta prosjekt heldt det gåande med digitalt samarbeid gjennom pandemien.
Den fysiske utvekslinga tok seg raskt opp etter kvart som land opna opp att. Både tilsette og partnarar har jobba iherdig med å dreie kursen tilbake til normalen etter kvart som land etter land har oppheva restriksjonane.
I løpet av 2022 har både Norec og partnarane våre komme oss tilbake på omtrent det aktivitetsnivået vi hadde før pandemien. Vi delte i 2022 ut heile tilskotet vårt til gode internasjonale prosjekt, men sidan løyvingane våre var mindre enn før pandemien, var vi nøydde til å prioritere hardt. Vi måtte avvise fleire gode søknader om viktige prosjekt fordi vi hadde færre midlar å dele ut. Dei som fekk tilskot, måtte spare inn der det var rom for det.
Alle prosjekt som fekk tilskot i 2022, bidrar særleg til å fremme berekraftsmål nummer 17 om globale partnarskap. I tillegg jobba prosjekta med ei rekke andre berekraftsmål.
Tildelingsbrevet til Norec gav oss tre mål for 2022:
Mål 1
Målgruppene er kjende med og tar i bruk Norec som kompetansesenter for utvekslingssamarbeid
Bruken av kursa til Norec er ein tydeleg indikator på oppnådd resultat. I 2022 arrangerte Norec 35 kurs for 668 personar, samanlikna med 23 kurs i 2019, som er vårt siste normalår for utveksling. Primærmålgruppa for kursa er tilskotsmottakarane våre, men også andre offentlege institusjonar har brukt Norec sine kurs for å førebu sine tilsette til internasjonale oppdrag.
Mål 2
Fleire sterke globale partnarskap for berekraftig utvikling
I 2022 hadde Norec 81 samarbeidsavtalar, noko som er på same nivå som normalåret 2019. Vi nytta dei to åra med pandemi godt, mellom anna til å presentere Norec-modellen for nye verksemder. Fleire av dei som starta digital utveksling i pandemitida har i 2022 gått vidare til fysisk utveksling av unge menneske mellom verksemder og land.
Mål 3
Fleire unge menneske har fått internasjonal arbeidserfaring og tileigna seg kompetanse innan berekraftig utvikling. Dette målet er todelt. Første del handlar om utveksling mellom verksemder. Talet på unge menneske som deltok på Norec-støtta utveksling var i 2022 framleis under normalåret 2019. Ser vi på tal partnarskap, vil vi i løpet av 2023 nærme oss 2019-nivå.
Den andre delen av dette målet handlar om auka norsk representasjon i internasjonale organisasjonar. I løpet av 2022 har Norec hatt ein auke i talet på både juniorekspertstillingar, UNV-stillingar og sekonderingar til Verdsbanken. Gjennom målretta annonsering, kontakt med utdanningsinstitusjonar, kurs og opplæring har Norec skapt auka interesse blant unge for å representere Noreg i internasjonale organisasjonar.
I tillegg gav tildelingsbrevet oss tre særskilde oppdrag:
Oppdrag 1: Gjennomføre profileringsturné for å informere om norskfinansierte FN-stillingar for å sikre auka interesse og brei rekruttering.
Oppdrag 2: Greie ut moglegheiter for korleis Norec kan legge til rette for at fleire unge menneske får internasjonal arbeidserfaring, og kome med forslag til innretning på moglege tiltak.
Oppdrag 3: Greie ut moglegheita for og eventuelt innretninga av eit pilotprosjekt knytt til støtte til tidlegare Norec-deltakarar.
Ulike arbeidsgrupper har jobba godt med desse oppdraga. Første oppdrag blei gjennomført i 2022 og var vellykka. Arbeidet med dei to andre har gitt ei god og klar retning for vidare arbeid i den nye strategiperioden vår frå 2023 til 2026.
Takk for at du vil lese om oss og sette deg inn i arbeidet vårt med tal og historier frå 2022. Vi er alt i gang med arbeidet vårt for 2023. Håper vi møtest i løpet av året!