Fleire søkarar gir tøffare kamp om midlane
14. februar 2023Stadig fleire ønsker å nytte seg av Norec-modellen. Samtidig aukar utgifter generelt i samfunnet, og ein får mindre ut av kvar krone. Det gir større kamp om midlane.
– Det er kjekt å sjå at interessa for utveksling som metode og verktøy er veksande, seier programdirektør i Norec, Margunn Indrebø Alshaikh.
2022 vart året der verda tok steg for steg ut av dei avgrensingane covid-pandemien førte med seg. I Norec vart det full stans i all fysisk utveksling då pandemien råka i 2020, og prosjekta måtte omstille seg til ein digital kvardag.
I fjor byrja mange partnarskap å ta opp att utveksling for å nærme seg nivået dei låg på før pandemien. I tillegg har mange nye partnarar fått auga opp for kva moglegheiter som ligg i ei Norec-finansiert utveksling.
– Auka interesse betyr at det vert større konkurranse om midlane som vi har å dele ut, seier Alshaikh.
Følger utviklingspolitiske føringar
Med auka utgifter på alle plan, og ei årleg tildeling som ikkje er tilbake på nivået før pandemien, vert prioriteringane endå tøffare enn tidlegare.
Det er strenge kriterium som ligg til grunn for utvelginga av kva prosjekt som til ei kvar tid får støtte. Norec skal støtte eit mangfald av prosjekt og aktørar som jobbar med berekraftsmåla. I 2022 skulle Norec dessutan prioritere offentlege søkarar, i tillegg til prosjekt som jobbar med klima, svolt, miljø og hav.
– Større konkurranse betyr at ikkje alle søkarar får innvilga det dei søker om, seier Alshaikh.
Stor breidde i berekraftsmåla
I løpet av dei første månadane i 2023 startar rundt 20 splitter nye prosjekt opp aktiviteten sin og i overkant av 200 unge menneske dreg på utveksling. Totalt har Norec i overkant av 60 aktive partnarskap og vel 500 unge menneske på utveksling i dag.
– Dette er flotte prosjekt med høg kvalitet og stor breidde i arbeidet med berekraftsmåla. Norec ser fram til å følge aktiviteten deira gjennom året, seier Alshaikh.
I 2022 fekk Norec tildelt 121,5 millionar kroner til utvekslingsordninga.
– Til andre tilskotsrunde i desember hadde vi 90 millionar tilgjengeleg, men vi fekk inn søknadar for 144 millionar. Vi måtte avslå prosjektsøknadar som var gode og innanfor krava vi stiller, men som ikkje nådde opp i konkurranse med andre prosjekt som hadde søkt, seier Alshaikh.
Ubalanse mellom aktivitet og løyvingar
Den tøffe konkurransen kan også forklarast med at løyvingane Norec får, ikkje er tilbake på nivået dei var på før pandemien.
– Vi fekk nokre budsjettkutt under pandemien, sidan fysisk utveksling ikkje var mogleg. No er utvekslinga omtrent tilbake på nivået ho var på før pandemien, men løyvingane våre er ikkje det endå. Det er rett og slett ein ubalanse der, seierAlshaikh.
Ho understrekar at Norec sitt oppdrag er det same, nemleg å få fleire unge menneske ut i internasjonal arbeidserfaring. Frå 2023 innfører Norec nye fristar for søknadar om tilskot.
– Vi ønsker å gjere ting meir føreseieleg for søkarane og gi dei betre tid til å førebu utvekslingane. Difor erstattar vi løpande sakshandsaming med faste søknadsfristar. Dette sikrar også betre likebehandling, seier Alshaikh.