Hopp til hovudinnhald
Norec

Norec - eit kompetansesenter

Norec er eit kompetansesenter for internasjonale samarbeid. Gjennom utveksling styrkar vi globale partnarskap og gir unge menneske internasjonal arbeidserfaring.

Les meir

Norec støttar internasjonale samarbeid

Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er Noregs einaste kompetansesenter for internasjonale utvekslingssamarbeid. Som ein etat under Utanriksdepartementet er vi ein del av Noregs samla innsats for å nå FNs berekraftsmål.

Metoden vår har menneske i fokus. I over 20 år har organisasjonar, institusjonar og bedrifter får utvikle seg gjennom Norec ved å bruke det viktigaste dei har: Folk.

Med eit Norec-tilskot sender arbeidsplassen tilsette på utveksling til eit anna land. Når medarbeidaren kjem tilbake, får heile organisasjonen nytte av det ho har lært. Den tilsette får internasjonal arbeidserfaring, nye impulsar og nye ferdigheiter.

Sentralt i metoden vår står kurs. Norec kursar og rettleier deltakarar og leiarar før, under og etter opphaldet i utlandet. Alle partar får også bli ein del av eit internasjonalt nettverk med andre som også jobbar internasjonalt.

Norec rekrutterer nordmenn til FN og Verdsbanken

I dag går størsteparten av norske bistandsmidlar til multilaterale organisasjonar. Å få fleire nordmenn inn i FN- og Verdsbanken er viktig for at Norge skal nå sine utviklingspolitiske mål.

I 2020 overtok Norec ansvaret for å rekruttere nordmenn til multilaterale organisasjonar frå Utanriksdepartementet.

Slik fungerer ei Norec-utveksling

Eit sjukehus i Norge har ei samarbeidsavtale med eit sjukehus i India – dette kallar vi eit partnarskap. Ein ung indisk sjukepleiar og ein ung norsk sjukepleiar byter plass for eitt år – dette kallar vi utveksling.

Medan dei er på utveksling opplever sjukepleiarane både utfordringar, meistring, oppturar og nedturar. Dei får nye ferdigheiter, lærer eit nytt språk og opplever ein annan kultur. Kort fortalt lærer dei mykje om både yrket sitt og seg sjølv.

Vel heime brukar dei alt dei har lært til å gjere sjukehuset dei jobbar på betre til å levere helsetenester i lokalsamfunnet.

Før, undervegs og etter utvekslinga tilbyr Norec kurs og rettleiing for både sjukepleiarane som reiser på utveksling og leiarane deira. Slik får alle partar maksimal læring ut av utvekslinga.