Hopp til hovudinnhald

Visjon og verdiar

Verda er full av kunnskap og ferdigheiter. Gjennom gjensidig utveksling lærer vi kvarandre å tenke større, leve berekraftig og bygge ansvarlege lokalsamfunn.

Visjon

Norec har over 50 års erfaring med utveksling av menneske mellom arbeidsplassar i ulike land og kulturar. Vi veit at gjennom utveksling av personell blir kunnskap utfordra, endra og skapt. Forståing og toleranse aukar. Gjennom å kurse både deltakarane og koordinatorane deira grundig før og etter utveksling, sikrar vi at kompetansen blir overført til resten av arbeidsplassen. Slik vert organisasjonen sterkare og kan levere betre tenester i sine lokalsamfunn. Difor er dette visjonen vår:

Verda er full av kunnskap og ferdigheiter. Gjennom gjensidig utveksling lærer vi kvarandre å tenke større, leve berekraftig og bygge ansvarlege lokalsamfunn.

Kjerneverdi – gjensidigheit

Gjensidigheit er ein overordna verdi og ei rettesnor for Norec. At eit partnarskap er gjensidig betyr at alle både bidreg og får noko ut av det.

Alle partar er likeverdige i eit gjensidig partnarskap. Kvar aktør har myndigheit i prosessar og avgjerder som gjeld dei. Partnarane skal samarbeide om å utforme prosjekt, mål, rekruttere og følgje opp deltakarar, samt openheit om ressursbruk og budsjett. Dei set seg eigne mål, men som partnarar forpliktar dei seg til å hjelpe kvarandre med å oppnå desse måla.

Tillit er tidskrevjande å bygge. Vi veit at gjensidigheit i eit partnarskap utviklast over tid. Denne tilliten som oppstår fører til deling av ansvar, eigarskap til kvarandre sine resultat og ei felles forståing av utfordringar. Gjensidigheit tydeleggjer bidrag, respekt og eigarskap til eigne målsettingar, og gir rom til å delta i utviklinga av eige samfunn.

Åtferdsverdiar

I tillegg til gjensidigheit har Norec nokre åtferdsverdiar som skal kjenneteikne både tilsette og deltakarar. Dei er forma som verdipar, og viser korleis vi skal takle fleire dimensjonar samstundes:

Utfordre og vise respekt.

Vere engasjert og profesjonell.