Norec Network lanserte sitt første landnettverk
4. mars 2025Med Norec Network Uganda har det aller første landnettverket sett dagens lys. Målet er at landnettverket skal drifte seg sjølv, og engasjere nettverksmedlemmer i Uganda.
– Då vi starta Norec Network i 2023 var målet å lage ein stad der alle som har vore på ei Norec-utveksling kan utveksle kunnskap og erfaring. Men vi såg raskt at det er behov for at nettverket har landavdelingar, elles vert det for stort for å få til aktivitetar som monnar. Difor startar vi no nettverk dei landa vi har flest medlemmer i, seier leiar for Norec-nettverket, Tonje Polden Steinsland.
Det globale Norec-nettverket såg dagens lys i Nairobi, Kenya i juni 2023. Sidan har nær 2300 tidlegare deltakarar blitt med i nettverket, og talet aukar stadig.
I starten av februar var 20 nettverksmedlemmer i Uganda på plass i det aller første landnettverket.
— Dei har jobba intenst for å finne ut kva nettverket skal vere, korleis det skal fungere og kva det skal tilby. Dette er nybrottsarbeid, og landnettverka vil variere frå land til land, alt etter kultur og behov, seier Steinsland.
Komité skal sikre framdrift
For Uganda her det no på plass eit nettverk som skal fungere som administrasjon og initiativtakar for aktivitetar for Norec Network-medlemmer i Uganda.
For å sikre at nettverket i Uganda har ei framdrift, er det valt ein komite som skal ha hand med drifta. Raymond Joseph Nsereko er vald som leiar. Med seg i komiteen har han Jimmy King, Richard Baguma, Justus Kansiime, Enok Muwanguzi, Rachael Kezala Kunihira, Joy Achola Ebong, Phiona Mahirwe og Sarah Mawerere.
Komiteleiar Raymond Joseph Nsereko (45) frå Kampala er utdanna designar og jobbar i dag som førelesar ved Makerere University i Kampala. Han er svært glad for at eit Norec-nettverk av tidlegare deltakarar er på plass, og har store forventningar til kva landsnettverket i Uganda kan få til.
– Vi skal utvikle aktivitetar for Norec-nettverket i Uganda, og vi har mange idear som vi skal jobbe vidare med. Eg trur moglegheitene her er uendelege, seier Nsereko.
Han kjende ingen i Uganda-nettverket frå før, men kjende at gruppa fungerte frå første stund, trass i at det er ei stor breidde i både alder og tid sidan deltakarane var på utveksling.
– Vi fungerer veldig fint som gruppe, så eg har stor tru på at dette blir ein suksess, seier Nsereko.
Trur ringverknadane kan bli store
Phiona Kaungi frå Uganda var på utveksling i Arusha i Tanzania i år 2019 til 2020. Ho er svært glad for at Norec fann på å etablere nettverk av tidlegare Norec-deltakarar.
— Å møtast her i Norec Network Uganda har vore så kjekt. Vi har utveksla idear, knytt kontaktar og funne mange moglegheiter. Dette har vore forfriskande, og eg gler meg til vegen vidare, seier Kaungi.
Ho er også ei av dei som er valt inn i komiteen som skal leie arbeidet med Norec Network Uganda vidare. Ho trur Uganda-nettverket kan gi store ringverknadar.
— Eg har store forventningar. Eg trur vi kan ha stor påverknad både politisk, økonomisk og sosialt her i Uganda. Vi skal samlast, lære frå kvarandre og jobbe saman mot berekraftsmåla, seier Kaungi.