No kan du søke på årets første stillingar i FN og Verdensbanken
3. februar 2025Ønskjer du internasjonal arbeidserfaring og ei karriere med meining? Noreg finansierer årleg stillingar i FN og Verdensbanken – no kan du søke på fleire nye stillingar. Søknadsfristen er 3. mars.
Fristar det med ein internasjonal jobb med meining? Då kan ei stilling i FN eller Verdensbanken vere noko for deg.
Årets stillingar er spreidd over heile verda, frå Nairobi, Roma, Washington DC, Yangon, Joran og Ukraina – og mange fleire. Du kan få erfaring frå nokre av dei mest sentrale organisasjonane i internasjonal utvikling, som FNs utviklingsprogram (UNDP), FNs organisasjon for kvinners rettigheter og likestilling (UN Women), Verdens matvareprogram (WFP) og UNICEF. Frå og med den 3. februar vert stillingane lagt ut, og fleire stillingar blir lagt ut forløpande.
Kva er ei juniorekspertstilling?
Desse stillingane er juniorekspertstillingar, som betyr at du blir tilsett i FN med ein kontrakt på eitt til tre år. Juniorekspert-programmet gir verdifull jobberfaring og opplæringsmoglegheiter for unge og motiverte profesjonelle som er interessert i ein karriere innanfor internasjonal utvikling.
For å søke ei juniorekspertstilling må du:
- Vere tidleg i karriera di
- Ha høgare utdanning, minimum på bachelornivå. En del stillinger krever master.
- Ha minst to års relevant arbeidserfaring.
- Svært gode engelskkunnskaper. Det er også en fordel å kunne andre FN-språk, som fransk, spansk, arabisk, kinesisk eller russisk.
FN søkjer kandidatar med brei kompetanse, frå økonomi og jus til samfunnsvitskap og tekniske fag. Det er plass til alle i FN.
Informasjonsmøte: Vil du vite meir?
– No har vi publisert dei første, norskfinansierte stillingane til FN og Verdensbanken i 2025, og vi publiserer resten fortløpande resten av veka. Vi inviterer også til informasjonsmøte den 10. februar klokka 14 for dei som vil vite meir og få all relevant informasjon til søknadsprosessen, seier koordinator for ordninga hos Norec, Tormod Nuland.
Ei unik moglegheit for norske kandidatar
Kvart år finansierer Noreg stillingar i FN og Verdensbanken som er reserverte for norske statsborgarar. Oppdraga varer i to til tre år, og formålet er å gi nordmenn relevant erfaring frå internasjonale organisasjonar. Norec koordinerer denne ordninga.
Dette er ei moglegheit til å skaffe seg internasjonal erfaring som opnar dører, både i FN og andre globale organisasjonar. Lønn og vilkår er konkurransedyktige, og FN tilbyr opplæring og karriereutvikling for juniorekspertane.
Slik søker du
Norec ønskjer å vere ei ressurs for deg som vurderer ein internasjonal karriere. Vi har samla alt du treng av informasjon om korleis du søker, intervjuprosessen og ofte stilte spørsmål.